Spesialsjukepleiar/sjukepleiar/ vernepleiar

Arbeidsgiver
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt oppf. team), Helse Møre og Rom
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar/vernepleiar
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 100 % fast stilling i ACT-teamet (Assertive community treatment) DPS Volda ambulant seksjon.

Ambulante tenester Søre Sunnmøre er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen består at tre team: Ambulant allmennteam (AAT), Assertive Community Treatment team (ACT) og Akutt heimebehandlingsteam (AHT). Seksjonen har kontor på Hamna 20 i Volda sentrum.

ACT er eit tverrfagleg team med psykiater, spesialsjukepleiarar, sosionom, og ergoterapeut med vidareutdanning. ACT reiser heim til pasientane og har fokus på eit heilskapleg behandlingstilbod. Teamet nyttar i hovudsak ei recoveryorientert tilnærming over lang tid, fleire år. Det er fokus på psykisk og somatisk helse, økonomi, bustad, kosthald, nettverk, ADL fungering m.m. ACT ynskjer å koordinere tenestene rundt pasientane og vere ein del av eventuelle ansvarsgrupper. Behandlingskontakta med pasientane skjer der pasienten oppheld seg. Teamet yter tenester til pasientar i alle dei sju kommunene på Søre Sunnmøre.

Dersom det vert intern omrokkering, så kan andre stillingar bli ledige i seksjonen.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lagt som vedlegg til CV.



Arbeidsoppgåver

  • Utredning og vurdering av psykiske lidingar
  • Medisinvurdering med hensyn til verknad og biverknad
  • Miljøterapi, som for eksempel praktisk bistand, tur, matlaging, psykoedukasjon, medisinadministrasjon, hjelp til økonomi, bustad, ADL
  • Relasjonsbygging over tid ettersom dette er pasientar som ofte treng tid på å verte trygge
  • Motivasjonsarbeid til for eksempel behandling eller endring
  • Rettleiing av studentar
  • Bruk av systematiske validerte verkty
  • Ein må pårekne oppgåver med datasamling for forskningsføremål
  • Ein må forstå at tenesta er heime hos brukarane, og skal tilpassast etter det
  • Den som vert tilsett må kunne fungere som del av eit team, og som sjølvstendig fagperson

Kvalifikasjonar

  • Vi ønsker søkarar med autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar og det er ønskeleg med erfaring frå både rus-og psykiatrifeltet
  • Ønskeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, er nødvendig
  • Ein må ha førarkort for bil
  • Erfaring fra liknande arbeid er ein fordel
  • Søkarar med anna fagbakgrunn på høgskule/unvierstitetsnivå kan også verte vurdert til stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarleg
  • Du er strukturert
  • Du er løysingsorientert
  • Du er fleksibel
  • Du viser stort fagleg engasjement
  • Du har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
  • Du har god digital kunnskap
  • Vi har stor arbeidskapasitet
  • Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er omstillingsdyktig
  • Du fungere godt i team
  • Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her

Kontaktinformasjon

Solrun Brenk Rønning, Seksjonsleiar, 91570524, solrun.brenk.ronning@helse-mr.no

Arbeidsstad

Hamnegata 20

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4808612873

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Hamnegata 20, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
352903433
Sist endret
13. mai 2024 01:05