Inaktiv

IT-konsulent

Arbeidsgiver
Tussa
Stillingstittel
IT-konsulent
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tussa IKT

Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 95 tilsette og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Selskapet er lokalisert i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Stryn. Tussa har arbeidd med datasenterteknologi i mange år, er ISO 27001-sertifisert og er Microsoft Gold Partnar.


Vi utvidar konsulentmiljøet vårt i Ålesund

Tussa IKT ser etter deg som er løysingsorientert, utadvendt og kundeorientert. Du må vere opptatt av å yte god kundeservice, jobbe strukturert og systematisk. I tillegg må du beherske norsk og engelsk både skriftleg og munnleg. Det må påreknast reiseverksemd ut til kunde i regionen.

Arbeidsoppgåver

  • løysingsdesign til nye og eksisterande kundar
  • planlegging og implementering av server og nettverksløysingar
  • administrasjon, installasjon og feilsøking av nettverk
  • andre utfordrande og varierte oppgåver hos, og for, kunde

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning og god teknisk forståing
  • erfaring med oppsett og konfigurasjon av brannmur og nettverksløysingar (Fortinet/Cisco)
  • erfaring med oppsett og konfigurasjon innan følgjande løysingar (vmware/HyperV/xenserver/SAN/Veeam/Windows server)
  • erfaring frå prosjektarbeid
  • personlege eigenskapar vil verte vektlagt

Kandidaten må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.

Vi kan tilby

  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
  • eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • kompetanseutvikling og sertifiseringar
  • konkurransedyktig løn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Sektor
Privat
Sted
Langelandsvegen 35, 6010 Ålesund
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations, IT drift og vedlikehold / IT-support, IT utvikling / Utvikler (generell)
FINN-kode
352902128
Sist endret
13. mai 2024 08:46