Inaktiv

Nyhagen aktivitetssenter

Arbeidsgiver
Voss herad Nyhagen
Stillingstittel
Vil du arbeide med aktivitet og menneske?
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskje medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møta framtidas utfordringar ynskje me å satsa betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga

Nyhagen aktivitetssenter er eit dagtilbod for personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Ved dagsenteret får ein tilbod om ulike arbeidsoppgåver, uteaktivitetar og sosiale aktivitetar. Me har fokus på fysisk aktivitet, trivsel og ein god plass å vera.
Me har fått oss grindbygg, og du må lika å vera ute.
Dagsenteret har fine lokale med gode turmogleheiter på Bordalen. Dagarbedstid med fri i helg og heilagdagar.
Er du kreativ og likar å tenkja nytt så er dagseneteret vårt den rette plassen for deg

Me søkjer etter:

  • Fast stilling med krav om fagutdanning, assistent med relevant erfaring kan bli vurdert
  • Stillingsprosent etter ynskje inn til 100 %

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå brukar i daglege oppgåver ved dagsenter
  • Skapa tryggleik og struktur
  • Vere ein god kollega og kunne arbeida i team
  • Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for brukar på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og god kontakt med pårørande. Tilsette har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp
  • Alle brukarane har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica. Du vil få opplæring i å nytta dataverktøy
  • Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Kvalifikasjonar:

  • Med krav om relevant fagutdanning (Aktivitør, Helsefagarbeider, barne og ungdomsarbeider m.v)
  • Assistent med relevant erfaring kan bli vurdert til fagutdanning stillinga

Personlege eigenskapar som vert vektlagt:

  • Evne til å tileigna seg ny kunnskap og lika faglege utfordringar
  • Ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Løsningsfokusert og positiv, ha ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må kunna arbeida målretta, vera uthaldande og trygg
  • Meistrar skriftleg og munnleg norsk


Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Bjørnshovden 19, 5708 Voss
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
352898916
Sist endret
13. mai 2024 10:56