Inaktiv

Sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar

Arbeidsgiver
Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du glad i friluftsliv og ønskjer å jobbe med menneske med psykiske vanskar over 18 år? Då har vi ei spanande stilling for deg!

Vi ønskjer ein sjukepleiar/psykiatrsik sjukepleiar i 80% vikariat til vårt team i generelt døgntilbud på DPS Vegsund. Vi har eit tverrfagleg team som består av psykiater, psykologar, LIS, psykiatriske sjukepleiarar, sosionom, aktivitør, fysioterapeut m. fl som dannar eit behandlingsteam for innlagde pasientar.

Døgnposten har 20 senger. 14 plassar er tiltenkt generelt døgntilbud, 3 brukarstyrte plassar og 3 medikamentfrie plassar. Vi tilbyr utgreiing og behandling. Pasientgruppa blir søkt inn frå fastlegar, spesialisthelsetjenesta og overføring fra Akutt psykisk helse. Miljøterapi er ein viktig del av behandlinga i døgnposten. Vi tilbyr også IMR (Illnes management and recovery), samt REACT og PEF (familieoppfølging). Den rette kandidaten vil få ein variert arbeidskvardag med moglegheit for å delta i friluftsterapi, treningsgruppe og liknande.

Ved intern omrokkering, kan andre stillingsbrøkar verte ledige.



Arbeidsoppgåver

  • Behandling av personer med psykiske vansker
  • Deltakelse i tverrfagleg miljø
  • Delta/leie ulike pasientgruppe som friluftsterapi, treningsgruppe, undervisning, administrere medisinar
  • Rettleie studentar og personale
  • Undervisning for pasientar og personale
  • Psykoedukasjon til pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar/ sjukepleiar med videreutdanning i psykisk helsearbeid
  • Erfaring med psykisk helsearbeid er en fordel
  • Beherske norsk godt, både muntleg og skriftleg
  • Sertifikat for bil

Personlege eigenskapar

  • Ha godt humør og like å arbeide i tverrfagleg team
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere initiativrik, kreativ og positiv
  • Du må vere fleksibel
  • Du må trivast med friluftsliv

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vegsundvegen 68

6020 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4812306223

Stillingsprosent: 80%

Vikariat

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 01.08.2025

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Vegsundvegen 68, 6020 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
352898667
Sist endret
14. mai 2024 06:53