Inaktiv

Undervisingsstilling i kroppsøving

Arbeidsgiver
FUS - Avd. Fellesfag, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisingsstilling i kroppsøving
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no og skulen sin film https://youtu.be/37e8hMyhHnA

Skulens elevsyn: Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.

Arbeidsoppgåver

Me har ein omlag 20% fast stilling som lærar i kroppsøving ledig.

Det kan også vera aktuelt å kombinera denne stillinga med undervisning i andre fag ved skulen, ut frå våre behov og søkjaren sin kompetanse.

Me forventar vidare at den som vert tilsett:

- Deltek aktivt i faggrupper med fokus på tverrfagleg samarbeid
- Deltek i arbeidet for heilskapen på skulen

Kvalifikasjonar

God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Til alle undervisningsstillingar er det krav om undervisningskompetanse, i denne stillinga anten faglærarutdanning i kroppsøving- og idrettsfag, eller anna høgskule og universitetsutdanning med minst 240 studiepoeng, inkludert 60 studiepoeng i kroppsøvings- og idrettsfag og pedagogisk kompetanse (PPU), jmfr Opplæringslova.

God digital kompetanse.

I tillegg til relevant fagleg og pedagogisk kompetanse ønskjer me tilsette med god fagdidaktisk kompetanse.

Personlege eigenskapar

Du er ein trygg og tydeleg klasseleiar med evne til å skapa gode relasjonar til elevane
Du arbeider sjølvstendig og nøyaktig, men deltek aktivt i eit profesjonsfellesskap
Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og føresette
Du samarbeider godt med eksterne fagmiljø for å utvikla gode undervisingstilbod og synleggjera skulen
Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
Du er utviklingsorientert og tek medansvar for å utvikla faggruppa
Du har ei pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn

Vi tilbyr

Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
Nært samarbeid med kollegaer
God delingskultur og positiv innstilling
Ein arbeidsplass som ligg i rolege og fine omgjevnader
Løn og løsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysingar

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest

Kontaktinformasjon

Gunnar Ljones Dolve, avdelingsleiar, 91615814

Arbeidsstad

Leiro 43

5640 Eikelandsosen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4813135180

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 27.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Leiro 43, 5640 Eikelandsosen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
352892987
Sist endret
13. mai 2024 08:54