Utdanningsstilling anestesisjukepleie i Helse Bergen

Arbeidsgiver
Forskings- og utviklingsavdelinga/ FoU, Seksjon for Kompetanseutvikling / Utdann
Stillingstittel
Utdanningsstilling anestesisjukepleie i Helse Bergen, 2024
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus tilbyr studentar som har fått tilbod om studieplass i master i spesialsjukepleie/anestesisjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Bergen, å søke utdanningsstilling i Helse Bergen.

Tildeling av utdanningsstilling er basert på kapasitet og behov, samt vurdering av den enkelte søkar. Det blir gjennomført ordinær tilsetting med intervju og referansesjekk

Følgande må leggast ved søknaden:

  • Stadfesting av studieplass, vitnemål og tenestebevis
  • Ein referanse for tilsette i Helse Bergen og to referansar for eksterne, der ein av dei er din noverande leiar
  • HPR-nummer (i CV) - Helsepersonellregisteret - HPR (helsedirektoratet.no)

Merk at økonomisk støtte frå Helse Bergen til anna vidareutdanning kan vere til hinder for å få utdanningsstilling.



Arbeidsoppgåver

  • Du skal delta i undervisning/praksis og gjennomføre studiet ved HVL over 3 semester til ferdig kvalifisering som anestesisjukepleiar
  • Du skal arbeide som sjukepleiar i Helse Bergen i 10% stilling knytt til helg/høgtid gjennom studietida og 100% stilling 4 veker sommaren 2025

Kvalifikasjonar

  • Minst 2 års yrkespraksis som sjukepleiar etter autorisasjon
  • Du har fått tilbod om studieplass ved HVL, campus Bergen
  • Søkarar med tilsetting i Helse Bergen blir prioritert
  • Du må kunne arbeide i tredelt turnus
  • Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du likar å vere fagleg oppdatert og har pasienten i fokus
  • Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
  • Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har god kommunikasjonsevne og likar å jobbe i tverrfaglege team
  • Du kan tilpasse deg, har organisasjonsforståing og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling i Helse Bergen frå studiestart
  • Løn under vidareutdanning i 3 semester til ferdig kvalifisert anestesisjukepleiar. Uløna permisjon for master i 4. semester etter avtale
  • Du får 90% minsteløn i studiedelen av stillinga (90%) og ordinær løn for arbeid som sjukepleiar i helg/høgtid (10%), samt sommar 2025
  • 100% fast stilling som spesialsjukepleiar, med bindingstid på 2 år i 100% stilling, etter gjennomført utdanning

Kontaktinformasjon

Eline Vartdal Sætre, Seniorrrådgivar, 91804537

Kristina Maria Borge, Rådgivar, 95857049

Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, 91576157

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4796336789

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
352877530
Sist endret
13. mai 2024 05:12