Inaktiv
Utdanningsstilling i jordmorfaget, Helse Bergen
- Arbeidsgiver
- Forskings- og utviklingsavdelinga/ FoU, Seksjon for Kompetanseutvikling, Helse B
- Stillingstittel
- Utdanningsstilling i jordmorfaget, Helse Bergen, 2024
- Frist
- 05.06.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Haukeland universitetssjukehus tilbyr studentar som har fått tilbod om studieplass i jordmorfag ved Høgskulen på Vestlandet, å søke utdanningsstilling i Helse
Bergen, inkludert Voss sjukehus.
Tildeling av utdanningsstilling er basert på kapasitet og behov, samt vurdering av den enkelte søkar. Det blir gjennomført ordinær tilsetting med intervju og referansesjekk.
Følgande må leggast ved søknaden:
- Stadfesting av studieplass, vitnemål og tenestebevis
- Ein referanse for tilsette i Helse Bergen og to referansar for eksterne, der ein av dei er din noverande leiar
- HPR-nummer (i CV) - Helsepersonellregisteret - HPR (helsedirektoratet.no)
Merk at økonomisk støtte frå Helse Bergen til anna vidareutdanning kan vere til hinder for å få utdanningsstilling.
Arbeidsoppgåver
- Du skal delta i undervisning/praksis og gjennomføre studiet ved HVL over 4 semester til ferdig kvalifisert jordmor
- Du skal arbeide som sjukepleiar i Helse Bergen i 10% stilling knytt til helg/høgtid gjennom studietida og 100% stilling 4 veker sommaren 2025
Kvalifikasjonar
- Minimum 1 års yrkespraksis som sjukepleiar etter autorisasjon
- Du har fått tilbod om studieplass ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen
- Sjukehuserfaring og tilsett i Helse Bergen er ein fordel
- Du må kunne arbeide tredelt turnus
- Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Du likar å vere fagleg oppdatert og har pasienten i fokus
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har god kommunikasjonsevne og likar å jobbe tverrfagleg
- Du kan tilpasse deg, har organisasjonsforståing og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- 100% fast stilling i Helse Bergen frå studiestart
- Løn under vidareutdanning i 4 semester til ferdig kvalifisert jordmor
- Du får 90% av minsteløn i studiedelen av stillinga (90%) og ordinær løn for arbeid som sjukepleiar i helg/høgtid (10 %), samt sommar 2025
- 100% fast stilling som jordmor, med bindingstid på 3 år i 100% stilling, etter gjennomført utdanning
Kontaktinformasjon
Eline Vartdal Sætre, Seniorrådgivar, 91804537Kristina Maria Borge, Rådgivar, 95857049
Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, 91576157
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4796319943
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 13
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 352877528
- Sist endret
- 30. mai 2024 04:36