Inaktiv

Fagarbeidar Eikefjord skule og SFO

Arbeidsgiver
Skule, Kinn kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar Eikefjord skule og SFO
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ledig vikariet for fagarbeidar skule og SFO inntil 70% f.o.m.12.08.2024-31.07.2025

Arbeidsoppgåver

Du er delaktig i eit team der du rettleiar og er delaktig i gjennomføring av læringsstøttande aktiviteter saman med elevane. Du er i tett dialog med kontaktlærar/faglærar som legg tilrette for elevane i klasserommet. Du støtter opp om elevane sin leik og sosiale samhandling saman med andre. Du er med på utflukter og deltar i møte med andre vaksne som planlegg og legg til rette for ein god skulekvardag. På SFO er det læring gjennom leiken, og du er aktiv både i planlegginga og aktiviteten i SFO-tida.

Kvalifikasjonar

Fagbrev i barne-og ungdomsarbeid eller anna relevant utdanning for stillinga. Ønskjeleg med kunnskap og erfaring knytt til elevar med utfordrande åtferd.

Personlege eigenskapar

Du er ein person med eit varmt hjarte og har gode tankar om barnets utvikling gjennom leik og læring. Du er løysingsorientert når situasjonar krev rask handling.

Du er opptatt av eleven sitt beste, også i ein krevjande kvardag. Du er god på å samarbeide med andre, har god struktur og bidrar gjerne sosialt saman med kollegiet.

Vi tilbyr

Ein arbeidsplass i utvikling saman med gode kollegaer og ein flokk med strålande elevar frå 1.-10.klasse. Vi har ulike yrkesgrupper tilsett ved skulen, og alle er med i ulike møte, der ein får kome med innspel til dei arbeidsoppgåvene som ligg til fagarbeidaren.

Stillinga er ein kombinasjon av skule og SFO, og arbeidsdagen vil da kunne variere i tidsrommet 07.00-16.30.

Kontaktinformasjon

Bjørn Wilhelmsen, Rektor Eikefjord skule, 94850335

Arbeidsstad

Hovlandsvegen 5

6940 Eikefjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4813123010

Stillingsprosent: 70%

Vikar

Startdato: 12.08.2024

Sluttdato: 20.06.2025

Søknadsfrist: 21.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Hovlandsvegen 5, 6940 Eikefjord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
352515763
Sist endret
11. mai 2024 07:27