Leiande reinhaldar i Surnadal kommune

Arbeidsgiver
Surnadal kommune Teknisk drift
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Surnadal kommune, Teknisk drift, skal tilsette leiande reinhaldar i fast 100% stilling.

Til stillinga ser vi etter deg som er strukturert og løysingsorientert, med gode kommunikasjonsevner og som kan handtere fleire oppgåver samtidig.

Det er ein viktig eigenskap å vere serviceinnstilt og positiv.

Kvalifikasjonar/krav til kompetanse:

  • Relevant fagutdanning innan reinhald eller tilsvarande
  • Erfaring frå leiing i reinhaldsfaget
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Kunnskap om reinhaldsprosedyrer og helse- og sikkerheitsforskrifter
  • God kjennskap til reinhaldsprosessar og reinhaldsmetodar
  • Evne til å motivere og samarbeide med andre
  • Førarkort kl.B
  • Grunnleggande datakunnskapar, vere fortruleg med bruk av IPad og PC
  • Du kommuniserer godt på norsk både skriftleg og muntleg

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og oraganisere reinhaldet på dei ulike tenestestadene
  • Vere ansvarleg for at reinhaldet blir utført i hht gjeldande standarar og retningsliner
  • Bistå med opplæring og rettleeing av reinhaldspersonalet
  • Stillinga inneheld noko reinhaldsarbeid
  • Delta i anskaffelsar av utstyr og materiell til reinhald
  • Rapportere til overordna leiing om reinhaldsstatus og eventuelle avvik

Kvalifiserte søkarar blir invitert til samtale.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
352507650
Sist endret
14. mai 2024 06:11