Socon Norheimsund AS søker platearbeidar
- Arbeidsgiver
- Socon Norheimsund Sveis As
- Stillingstittel
- Platearbeider
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Grunna auka aktivitet og oppdragsmengder søkjer me etter fleire platearbeidarar til vårt arbeidslag.
Hva vi ser etter
Ønska kvalifikasjonar:
· Erfaring som platearbeidar
· Førarkort kl. B
· God i norsk, munnleg og skriftleg.
Ikkje krav, men fordel med:
· Fagbrev
· Sveisesertifikat 111/136/138/141
· Sertifikat for truck og G-4 traverskran
Arbeidsoppgaver
I Socon Norheimsund Sveis er me stolte av å ha bygd opp ein arbeidsplass med gode rutinar og gode kollegaer. Me får inn mange varierte arbeidsoppdrag og som operatør hjå oss vil du difor få ein variert vidareutvikling av din kompetanse innan fagfeltet.
Me ser etter deg som kan jobbe sjølvstendig og finn smarte løysingar for å få arbeidsoppgåva gjort. Du liker å jobbe med hendene og er nysgjerrig på å læra. Om du i tillegg arbeider systematisk og er opptatt av å følgje standardar og HMS-krav, vil du passe godt inn hjå oss.
Vi tilbyr
Som tilsett hjå oss er du del av ein fin arbeidsgjeng med godt humør og arbeidslyst.
Me har tariffavtale gjennom Fellesforbundet med ryddige lønsforhold.
- Sektor
- Privat
- Sted
- Vikøyvegen 16, 5600 Norheimsund
- Stillingsfunksjon
- Produksjon, Håndverker, Mekanikk og installasjon
- FINN-kode
- 352491069
- Sist endret
- 10. mai 2024 12:53