Inaktiv

Miljøarbeidar 100% fast - Rosendal ungdomsskule

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Arbeidsstad

Rosendal ungdomsskule er ein moderande skule frå 2013 med om lag 145 elevar og 25 tilsette. Skulen driv eit aktivt arbeid for å inkludere alle i eit raust og godt ungdomsmiljø. Vi har dei siste åra auka innsatsen for å arbeide endå meir målretta med elevane sin sosiale kompetanse og psykiske helse.

Vi har frå 01.08.2024 ledig fast stilling som miljøarbeidar.

Som miljøarbeidar ved Rosendal ungdomsskule vil du få eit stort ansvar for både utvikling av elevmiljøet og oppfylging av einskildelevar ved skulen.

Arbeidsoppgåver

Viktig ansvarsområde i stillinga:

- Saman med sosiallærar å administrere og samarbeide med elevrådet, og å ta initiativ til og fylgje opp prosessar i elev- og klasseråda. Miljøarbeidar deltek i faste møte med sosiallærar og leiinga ved skulen om det strategiske arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø.

- Utvikle rom og aktivitetar i friminutta som er tilpassa alle elevane.

- Drive aktivt og oppsøkjande miljøarbeid. Samtalar med einskildelevar og grupper av elevar.

- Organisere leksehjelp eller anna aktivitet etter skuletid for elevar som treng det

- Oppfylging av elevar med høgt fråvær. Miljøarbeid både i heim og skule.

- Delta på møte med føresette, elevar, lærarar, leiinga og andre relevante samarbeidspartnarar

- Saman med lærarane utvikle tverrfaglege prosjekt med tema folkehelse og livsmeistring.

Årsverket er komprimert og samanfallande med lærarane sitt arbeidsår, dvs 38 veker i elevane sitt skuleår i tillegg til 6 planleggingsdagar. Arbeidstid pr veke er 37,5 timar. Lønsprosenten vil bli 89% fordi du føl skuleruta.

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring frå ungdoms- og miljøarbeid.

Søkjarar med både fagbrev og høgskuleutdanning er velkomne som søkjarar.

Manglande formalkompetanse kan bli kompensert ved god realkompetanse.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagd. Miljøarbeidar må ha eit stort hjarta og eit positivt og optimistisk syn på ungdom. Vi ser etter ein person som er fleksibel og løysingsorientert i møte med krevjande utfordringar, og som aldri sluttar å leite etter vegen mot det gode livet. Ungdomane våre treng ein trygg vaksen som kan vere både ein ven og ein rollemodell.

Vi tilbyr

Ein raus og inkluderande arbeidsplass i eit godt fagleg og sosialt miljø. Vi har dyktige medarbeidarar som vil det beste for kvarandre og den einskilde eleven.

Vi arbeider kontinuerleg for å kunna tilby elevar og tilsette eit trygt, godt og inkluderande arbeids- og læringsfellesskap i tråd med Fagfornyinga og Kvinnherad kommune sine overordna verdiar og kvalitetsutviklingsplan.

Løn etter avtaleverk

Velkomen som søkjar


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
352491068
Sist endret
11. mai 2024 06:54