Familieterapeut/Familierettleiar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Familieterapeut
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Familiens hus på Osterøy styrkar barn og familieteamet med ein ny stilling som familieterapeut/familierettleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå snarast.

Barn og familieteamet er ein del av Familiens hus på Osterøy som tilbyr tenester til barn og unge i alderen 0-18 år og deira familiar. Familiens hus består av PPT, Barneverntenesta, Helsestasjon/skulehelsetenesta og Barn og Familieteamet.

Denne stillinga har som føremål å styrke og bidra til å auka innsatsen vår i arbeidet med barn, unge og deira familiar. Stillinga vert plassert i barn og familieteamet. Hjå oss vil du verte ein del av eit tverrfagleg og utviklande fagmiljø. Stillinga vil arbeida på oppdrag frå vår interkommunale barnevernteneste, som er Vaksdal, Modalen og Osterøy kommune.

Stillinga vil i hovudsak arbeide med familierettleiing på bestilling frå barneverntenesta og som lavterskeltilbod. Barn og familieteamet arbeidar og med fosterheimsveiledning og oppfølging av ungdom på ettervernsvedtak.


Arbeidsoppgåver
  • Familieveiledning og annet klinisk arbeid med barn, ungdom og deres familier
  • Oppfølging av ungdommar over 18 år med vedtak på ettervern
  • Veiledning av fosterheim
  • Drift av gruppetilbud, undervisning og veiledning
  • Tverrfagleg arbeid internt og eksternt

Vi tilbyr
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Fokus på fagleg utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • God pensjons/forsikringsordning
  • Fleksitid
  • Arbeid på inntil to ettermiddag/kveld må påreknast i henhald til vedtak og tiltaksplan frå barneverntenesta.
  • Lønn etter utdanning og praksis
  • Ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Vi gjer oppmerksame på at opplysningar om søker kan bli offentleggjort sjølv om søker ber om å bli unntatt frå offentleg søkarliste, jmf. Offentleglova, § 25, 2. ledd. Søker vil å så fall bli varsla om dette.


Kvalifikasjonskrav

Utdanningskrav:

  • Krav om bachelor i sosialfag, evt. annan 3 åring utdanning kan vurderast dersom relevant erfaring
  • Krav om 60 stp. i familieterapi, eller annan relevant vidareutdanning, evt. relevant masterutdanning

Anna krav:

  • Krav om førarkort klasse B, og må disponere eigen bil.
  • Grunnleggande IKT kompetanse
  • Gyldig politiattest må fremlegges før tiltredelse

Ønskelege krav:

  • Ønske om barnevernserfaring
  • Erfaring frå familieveiledning og/eller miljøterapi
  • Ønskelig med kompetanse og erfaring frå bruk av relevant metodikk
  • Ønskelig med erfaring med drift av grupper

Dine personlege eigenskapar
  • Evne til å møte menneskjer med varme og respekt
  • Engasjement for medverking og brukarstyrte tenester
  • Robust og ha god arbeidskapasitet
  • Evne til å jobbe heilskapleg med barn og deira familiar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Du er rik på initiativ, er engasjert og løysingsorientert
  • Du har evne til målretta, systematisk og metodisk arbeid
  • Du har evne til fagleg og etisk refleksjon
  • God skriftleg og munnleg førestellingsevne
  • Personleg eignaheit for stillinga og samansetning av personalgruppa som heilskap vil vektleggast

Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
FINN-kode
352482264
Sist endret
11. mai 2024 06:54