Midlertidig stilling som universitetslektor (30%) i skulptur ved Kunstakademiet

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Midlertidig stilling som universitetslektor (30%) i skulptur ved Kunstakademiet
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Universitetslektor

Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig vikariat som universitetslektor (30%) i skulptur. Vikariatet er for eitt år med moglegheit for forlenging, og tilsetjing er ønska frå 1. august 2024.


Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein universitetslektor til undervisning og rettleiing innan fagområdet skulptur og installasjon.

Som eit av dei åtte fokusområda våre er skulptur ein integrert del av den samla undervisninga som blir gjeven ved instituttet. Stillinga krev eit sterkt engasjement for undervisning og for den kunstnariske utviklinga til studentane. Den som blir tilsett må gi rettleiing primært på BA-nivå og vera hovudrettleiar for studentar som arbeider med fleire medium/uttrykksformer.

Søkjarar må ha ein anerkjent kunstnarleg praksis eller utviklingsarbeid av eit visst omfang innan skulptur og installasjon, og ei teoretisk forståing av dette feltet innan samtidskunst. Potensielle kandidatar må kunna artikulera ulike perspektiv på skulptur og installasjon og relaterte praksisar, både kunstnarisk og tematisk. I tillegg skal undervisninga byggja på brei kunnskap om samtidskunst, kunsthistorie og skulpturtekniske aspekt.

  • Undervisning og rettleiing primært på bachelornivå
  • Emneansvar
  • Organisering og tilrettelegging av arbeidsoppgåver
  • Administrative oppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuelt fagområde. Søkjarar med dokumentert anerkjent kunstnarleg praksis eller utviklingsarbeid av eit visst omfang kan også bli vurdert. Søkjarar må kunne vise til kunstnarleg praksis og relevant erfaring frå undervisningsarbeid.

  • Dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid av eit visst omfang innan fagområdet skulptur.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av søkjaren si utdanning, rettleiings- og undervisningserfaring.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.


Undervisningsspråket på BA er til vanleg norsk.

Det er sterkt ynskjeleg at den som vert tilsett kan tilby undervisning jamleg på campus i Bergen.


Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årsløn tilsvarande 594 500 – 635 400 kr i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Liste over kunstnarlege og/eller vitskaplege produksjonar som har relevans for stillinga.
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Dokumentasjon som ikkje er lasta opp ved søknadsfrist vert ikkje vurdert.

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og kan bli bedne om å halde prøveundervising for tilsette og studentar ved fakultetet.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Katrine Hjelde, mob. +47 455 19 545, e-post: Katrine.Hjelde@uib.no.

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
352478999
Sist endret
11. mai 2024 06:44