Inaktiv

Er du ein engasjert, målbevisst og fagleg dyktig pedagog?

Arbeidsgiver
Fjaler kommune Dingemoen skule
Stillingstittel
Lærar ved Dingemoen skule 80 % vikariat
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kan du tenke deg å bli ein del av eit engasjert personale med stor takhøgde og mykje humor på Dingemoen skule?

Tidleg innsats er avgjerande for å lukkast i skulen – og lukkast i livet. Vi treng ein glødande engasjert lærar til verdas viktigaste jobb. Vi har ledig vikariat som lærar i 80 -100 % ut desember 2024, med moglegheit for forlenging.

Vi ser etter ein dyktig og engasjert lærarvikar som ynskjer å jobbe som kontaktlærar på 1-4 trinn. Er du ein synleg og trygg rollemodell for elevane våre, som er god på relasjonsbygging og som trivast godt med kollegasamarbeid så håper vi du vil søke jobb hos oss.

Kvalifikasjonar
  • Godkjent grunnskulelærar 1-4, ev anna relevant pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå begynnaropplæring er ynskjeleg
  • Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
  • Det er ein føresetnad med gode norskspråklege ferdigheiter, både skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar
  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
  • Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
  • Evne til å skape trygge og gode relasjonar til elevane
  • Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
  • Du veit at kvar dag tel og er alltid godt førebudd.
  • Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
  • Vi vektlegg at du er personleg egna til stillinga
Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • Kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 33.000 per år
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
  • Mentorordning for nyutdanna

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin. Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest.

Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stilling og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dingemoen, 6963 Dale i Sunnfjord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
352478418
Sist endret
11. mai 2024 06:41