Lege i Sandeid fengel

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Frist
18.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

Lege i 30% fast stilling fom. 01.10.24, til helseavdelinga i Sandeid fengsel.

Helsetenesta i Vindafjord kommune har ansvar for å gje helsehjelp til innsette. Innsette i Sandeid fengsel er ei samansett gruppe og dei har ulike behov for helsetenester.

Sandeid fengsel ligg i Vindafjord kommune, ca. 1 times kjøretur frå Haugesund. Fengselet er kategorisert som eit ope fengsel med lav sikkerheit, og har kapasitet på 88 innsette.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Konsultasjon med innsette
  • Henvise og samarbeide med andre instansar
  • Fremme helse og førebyggja sjukdom og skade
  • Ansvarleg for å føreskrive legemiddel
  • Delta i teamarbeid
  • Legen er fysisk ein dag inne i fengselet, samt svarar opp digitalt på aktuelle problemstillingar dei andre dagane

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autoriasjon som lege

Personlege eigenskapar:

  • Må vere engasjert for å jobbe med innsette i fengsel
  • Fagleg oppdatert
  • Erfaring frå allmennmedisin
  • Må ha god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
  • God i norsk munnleg og skriftleg

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Erfarne kollegaer
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
352466401
Sist endret
16. mai 2024 10:18