Sjukepleiar ØHD - fast stilling natt

Arbeidsgiver
Legetenester og akutt helseberedskap
Stillingstittel
Sjukepleiar ØHD - fast stilling natt
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

ØHD-avdelinga held til ved Ålesund Lokalmedisinske Senter, rett ved sida av Ålesund sjukehus. ØHD tek imot ferdig avklarde pasientar frå fastlege, legevakt og sjukehus. Avdelinga er eit interkommunalt tilbod. Vi har ledig fast sjukepleiarstilling i natturnus, med arbeid kvar tredje helg. Den som går inn i stillinga, må kunne arbeide turnus slik den foreligger. Stillingsprosent 77 %.

Ved eventuell intern tilsetting, kan ein bli tilbydd anna stillingsprosent og/eller evt. anna vikariat.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vert mellom anna:

  • Mottak av pasientar til avdelinga.
  • Vurdere, observere og behandle.
  • Prøvetaking.
  • Sjølvstendig planlegging og ta raske avgjersler.
  • Samarbeid og tverrfaglig oppfølging med aktuelle instansar (lege, spesialisthelsetenesta, kommune, legevakt).
  • Generelle oppgåver i avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God observasjons-, vurdering og behandlingskompetanse.
  • God på samarbeid og samhandling.
  • Fordel med erfaring frå blant anna akuttavdeling, legevakt eller observasjons/oppvåkningspost.
  • Høg sjukepleiefagleg interesse.
  • Politiattest må leggjast fram ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Personlig egnethet for stillinga tilleggast stor vekt.

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskaper.
  • Godt klinisk blikk.
  • Godt humør og positiv fremtoning.
  • God arbeidskapasitet og trives med høyt arbeidstempo.
  • Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer.
  • Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
  • Kunne arbeide i tråd med sjukepleiens yrkesetiske retningslinjer.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivlege arbeidskollegaer.
  • Spanande, varierande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kontaktinformasjon

Sindre Søvik Erstad, Avdelingsleiar ØHD og overgrepsmottak, 95 85 59 60

Arbeidsstad

Åsesvingen 16

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4809612480

Stillingsprosent: 77%

Fast

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sted
Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
352465458
Sist endret
11. mai 2024 06:19