Inaktiv

Assisterande rektor

Arbeidsgiver
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Stillingstittel
Assisterande rektor
Frist
24.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Brattvåg barneskule søkjer assisterande rektor frå 01.08.2024. Assisterande rektor skal bistå rektor med arbeidsoppgåver og ha ansvar ved rektor sitt fråver.

Brattvåg barneskule ligg sentralt i Brattvåg sentrum og er ein 1. -7. skule med omlag 225 elevar. Skulen har eiga skulefritidsordning. I leiargruppa som ass.rektor er ein del av sitt rektor/tenesteleiar, SFO-leiar og koordinator for spes.ped.

Skulen satsar på leik og læring for dei minste trinna og har innført fast uteskule i veka.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv med fokus på tidleg innsats.



Arbeidsoppgåver

Organisering av skulen og skulen sine oppgåver.

  • Vikarinnsetting
  • Vere med å planlegge og drive utviklingsarbeid
  • Følge opp elevresultat
  • Vere med å arbeide for eit godt psykososialt miljø ved skulen
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom heim og skule
  • Delta i og sikre eit godt elevdemokrati
  • Saksbehandling innanfor definerte områder
  • Vere med å bidra til god internkontroll og HMS

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med skuleleiarutdanning eller tilsvarande erfaring
  • Pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå skuleverket
  • Kompetanse og erfaring innan administrasjon mm
  • Kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk
  • Gode ferdigheiter i norsk - skriftleg og munnleg
  • Gjerne erfaring frå å arbeide med fleirkulturelle elevar

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein assisterande rektor som:

  • Har gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse
  • Er tydeleg, strukturert og målretta
  • Er opptatt av kvalitet og tverrfagleg innsats til elevane sitt beste
  • Har omstillingsevne og evne til å sjå løysingar
  • Personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Ei spennande, utviklande og utfordrande stilling
  • Engasjerte og kompetente medarbeidarar
  • Skuleleiarutdanning dersom den rette for stillinga mangler dette
  • God pensjonsordning
  • Lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

Unni Nerås Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Skulesvingen 4

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4810783675

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 24.05.2024


Sted
Skulesvingen 4, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
352463045
Sist endret
10. mai 2024 01:00