Helgestillingar ved Eidet Omsorgssenter

Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester
Stillingstittel
Faste helgestillingar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haram kommune søker personar til helgestillingar, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Det er fleire helgestillingar ledig, i stillingsprosent opp til 30%. Stillingane er i turnus med arbeid 3. kvar helg, eller 2. kvar helg om ønskeleg. Det søkes også etter tilkallingsvikarar. Eidet Omsorgssenter har base i eit fint og moderne lokale. Eidet Omsorgssenter ligger sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.

Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legger til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar. I 2021 vann Haram Omsorgssenter arbeidsmiljøprisen i Ålesund kommune i lag med Ytre Haram heimeteneste.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.



Arbeidsoppgåver

  • Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientar på langtidsavdeling og/eller korttidsavdeling.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fag.
  • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent helsefagarbeidar/personar under helsefagleg utdanning/personar som ønsker å ta utdanning innan helse.
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt.
  • Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

  • I Haram kommune ynskjer vi tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer
  • Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
  • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Reid Andulfstad-Aarskog, 90958269, reid.andulfstad-aarskog@haram.kommune.no

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 46866467, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12

6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4809566441

Stillingsprosent: 14, 23%

Fast

Startdato: 01.06.2024

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
352462868
Sist endret
10. mai 2024 09:51