Overlege

Arbeidsgiver
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege
Frist
04.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gjev psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarene i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2024 eit budsjett på 155 millionar kroner, og har ca 220 tilsette fordelt på vel 156 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Vi søker overlege i psykiatri til vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes. Den ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk som i tillegg til eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg har to allmennteam, eit stort Angst- og depresjonsteam, 4-dagars behandling for panikkliding og sosial angst, Team i eksponerande traumeterapi, Team for spiseforstyrrelser, ROP-team, Familieteam, Søvnteam og Akutt ambulant team. Vi har og ei spennande gruppeavdeling med ulike samtalegrupper i tillegg til utrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi samarbeider og med Bjørgvin sitt MBT-tilbod som er lokalisert på Knarvik. Her er det altså rikeleg anledning til å kunne fordjupe seg innanfor ulike område av allmennfeltet.

Er du ein engasjert overlege som har lyst å jobbe i eit engsjert godt miljø, både fagleg og sosialt så vil vi gjerne høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar i gruppe og individuelt innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
  • Det er mogleg å kombinere stillinga mellom dei ulike spesialteama i poliklinikken

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Har gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert og nysgjerrig
  • Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
  • Er god teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
  • Fagleg oppdatering/utvikling for å sikre spisskompetanse innan ulike delar av fagområde allmennpsykiatri
  • Eit nytenkande og utviklande fagmiljø
  • Lønn i henhald til gjeldande avtalar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Hallbjørg Hage, Seksjonsleiar, 55957000

Fredrik Hiis Bergh, Klinikkdirektør, 55957000

Arbeidsstad

Tertnesveien 37

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4812112465

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Psykiater
FINN-kode
352191723
Sist endret
09. mai 2024 09:51