Inaktiv

Ergoterapeut

Arbeidsgiver
Ortopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen
Stillingstittel
Ergoterapeut
Frist
22.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til kliniske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Vi legg vekt på ei god fagleg teneste, kontinuitet for pasientane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Ledig vikariat for ergoterapeut tilknytt Plastikkirurgisk avdeling og Revmatologisk avdeling

Vi har ledig vikariat for ergoterapeut i 80 - 100% stilling i seksjonen for plastikkirurgi og revmatologi. I
stillinga vil ein behandle pasientar frå begge einingane. Dei fleste av
pasientane ved plastikkirurgisk avdeling har gjennomgått operasjon etter skade
eller sjukdom i handa og får poliklinisk oppfølging av ergoterapeut. Ein mindre
del av pasientane er innlagt i sengepost. Ved revmatologisk avdeling får
pasientane poliklinisk oppfølging av arm/handfunksjon, ortosebehandling, mestring
av daglege aktivitetar og utfordringar knytt til utmatting. Ved begge einingane
inngår ergoterapeuten i tverrfagleg team. Oppstart for stillinga er satt til 01.08.24 og vil gå fram til 31.12.24



Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, behandling og rehabilitering av pasientar med handskade og revmatologisk sjukdom
  • Forming og tilpassing av ortoser
  • Vurdering, rettleiing og trening i daglege aktivitetar
  • Kartlegging og rettleiing ved utmattelse (fatigue)
  • Kartlegging og rettleiing vedrørande arbeid/skule
  • Behandling i grupper
  • Undervisning og rettleiing av pasientar, pårørande og tverrfagleg team
  • Samarbeid med pasient, pårørande og anna helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • God kunnskap og interesse om handskadar og revmatologi
  • Erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeidar målretta og strukturert
  • Du har evne til å arbeide raskt, sjølvstendig og effektivt
  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å prioritere arbeidsoppgåver i ein travel kvardag
  • Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er fleksibel og trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
  • Høgt fagleg nivå
  • God opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forksikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Jorunn Ellingsen, Seksjonsleiar, 55975009

Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4812217298

Stillingsprosent: 80%

Vikariat

Søknadsfrist: 22.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Ergoterapeut
FINN-kode
352187305
Sist endret
08. mai 2024 03:31