Ergoterapeut

Arbeidsgiver
Ortopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen
Stillingstittel
Ergoterapeut
Frist
22.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til kliniske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Vi legg vekt på ei god fagleg teneste, kontinuitet for pasientane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Vi har ledig 100% vikariat for ergoterapeut tilknytt Nevroklinikken

Ved Nevroklinikken vil ein jobbe med pasientar med nevrologiske sjukdommar/skadar både ved nevrologisk akuttpost og nevrokirurgisk seksjon inkludert tilhøyrande overvakingseiningar. Ergoterapeut deltar i tidleg rehabilitering. Oppgåvene er knytt til kartlegging av ADL-funksjon, screening av kognitiv funksjon og handfunksjon for å vurdere pasienten sitt behov for vidare rehabilitering. Det er tett samarbeid med andre yrkesgrupper i tverrfaglege team. Vi ønsker snarleg oppstart. Vikariatet går fram til 30.09.24, men det er moglegheiter for forlenging.



Arbeidsoppgåver

  • Tidleg rehabilitering og oppgåverelatert trening
  • Vurdering av ADL-funksjon, kognitiv funksjon og arm-/handfunksjon
  • Aktivitetsførebuande trening
  • Trening i daglege aktivitetar
  • Tett samhandling med pasient og pårørande, tverrfagleg team og 1.linjetenesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • God kunnskap og interesse for nevrologi og rehabilitering
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta innan tidleg rehabiltering etter nyoppstått hjerneslag og andre nevrologiske sjukdomar/traumatiske skadar er ein fordel
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er effektiv, initiativrik og kan arbeide sjølvstendig
  • Du er positiv og fleksibel
  • Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du trivast med å jobbe i tverrfaglege team
  • Du er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr deg

  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Silje Nødtvedt, Seksjonsleiar, 55976279

Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4812162362

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Sluttdato: 30.09.2024

Søknadsfrist: 22.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Fysioterapeut
FINN-kode
352186660
Sist endret
09. mai 2024 09:46