Inaktiv

Sjukepleiar/sjukepleiestudentar 15% 3 kvar helg

Arbeidsgiver
Hjarteavdelinga/ Hjarte post 4, Helse Bergen
Stillingstittel
Ledig vikariat i 15% stilling 3. kvar helg
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Hjarteavdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvåking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Utviklinga innan behandlingsmetodar er framtredande og forskingsaktiviteten er høg. Hjarteavdelinga har to store sengepostar (hjartemedisinsk og thoraxkirurgi), ei intensiv- og overvakingseining samt eining for hjarteintervensjon.

Hjartepost 4 er ein thoraxkirurgisk sengepost med 28 sengeplassar. Pasientane er elektive og øyeblikkeleg hjelp innan hjarte- og lungekirurgi, thoraxtraume og invasiv behandling. Vi har eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø med mange spennande arbeidsoppgåver.

Vi søker etter sjukepleiar/sjukepleiarstudentar med interesse for og gjerne med kunnskap og erfaring innan thoraxkirurgi og invasiv kardiologi.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til pasientar
  • Delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gje pasientar og pårørande eit best mogeleg opphald på avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar må ha norsk autorisasjon
  • Student innan sjukepleiefaget
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel, men inga krav

Personlege eigenskapar

  • Må trivst i eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
  • Er ansvarsbevisst og pasientorientert
  • Evne til å arbeide målretta med eigne arbeidsoppgåver, samtidig å kunne arbeide godt i team
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Opplæringsvakter vil bli tilbydd før oppstart
  • Moglegheit for vidare arbeid ved posten


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Wenche Håvik, Ass. Avdelingssjukepleiar, 92036146

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4812299080

Stillingsprosent: 15%

Vikariat

Startdato: 05.08.2024

Sluttdato: 22.06.2025

Søknadsfrist: 31.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
352185086
Sist endret
09. mai 2024 09:46