Skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og heilaganlegg 

Arbeidsgiver
Kultur, Stad kommune
Stillingstittel
Skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og helgenanlegg
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Stad kommune har ledige inntil 3 stillingar som skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og heilaganlegg i perioden 24.06.2024 - 11.08.2024.

Selja kloster og heilaganlegg er eit freda kulturminne og eit viktig reisemål for pilegrimar og turistar i Stad kommune. For å ta vare på ruinane og vise dei fram frå si beste side, må anlegget og kulturlandskapet rundt vere velstelt. Arbeidsoppgåvene er å vedlikehalde grøntanlegget i og rundt klosterruinane gjennom grøn skjøtsel, etter rettleiing frå Stad kommune og Vestland Fylkeskommune.



Arbeidsoppgåver

  • Grøn skjøtsel av kulturlandskapet: klipping av gras, rydding og luking av ugras, både ved manuelt arbeid og ved bruk av motoriserte reiskapar.
  • Andre oppgåver kan kome i tillegg. Det kan vere aktuelt med eit samarbeid med innbyggartorget, prestegarden og BUA i Selje om vedlikehald, utlån av utstyr og andre oppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Du må vere over 15 år
  • Båtførarprøva er ein fordel
  • Erfaring med bruk av motoriserte reiskapar slik som kantklippar og grasklippar

Personlege eigenskapar

I arbeid med grøn skjøtsel på Selja søkjer vi deg som både likar å jobbe sjølvstendig og saman med andre, er praktisk anlagt og er glad i å gjere praktisk arbeid ute.
Du er nøyaktig og pliktoppfyllande, flink til å sjå kva som må gjerast og har gjerne erfaring frå liknande arbeid. Forståing for den kulturhistoriske verdien på Selja kloster.

Vi tilbyr

  • Ein triveleg feriejobb i eit historisk område
  • Transport med båt til og frå Selja
  • Arbeidstid vert planlagd saman med prosjektleiar for Selja kloster.
  • Løn etter tariff - etter innleverte timelister
  • Du vil få opplæring i bruk av motoriserte reiskapar med fokus på tryggleik.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar saman med søknaden.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stilingane kan du ta kontakt med prosjektleiar for Selja kloster, Bjørn Jensen eller einingsleiar lokal samfunnsutvikling, Tonje Ramse Trædal.

Kontaktinformasjon

Bjørn Jensen, Prosjektleiar Selja kloster, 91867238

Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33

Arbeidsstad



6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4807591839

Stillingsprosent: 0%

Sommarjobb

Startdato: 24.06.2024

Sluttdato: 11.08.2024

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
6740 Selje
Stillingsfunksjon
Annet
FINN-kode
352176766
Sist endret
09. mai 2024 09:48