Sommarvert ved innbyggjartorget i Selje

Arbeidsgiver
Kultur, Stad kommune
Stillingstittel
Sommarvert ved innbyggjartorget i Selje
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Stad kommune søkjer etter sommarvert ved innbyggjartorget i Selje i perioden 24.06.2024 - 18.08.2024.

Innbyggjartorget i Selje er lokalisert i 1. etasje i kommunehuset i Selje. Her finn du bibliotek, frivilligsentral og BUA. BUA Selje er Stad kommune sin utstyrsbank, der lokalbefolkning og tilreisande kan låne gratis turutstyr, syklar, kajakkar m.m. Frivilligsentralen formidlar aktivitetar og hjelp gjennom frivillige i kommunen.

Innbyggartorget er ope kvardagar i sommarsesongen. Jobben som sommarvert består i å betene skranke og telefon i innbyggjartorget og biblioteket, samt yte sørvis til besøkande og kommunens eigne innbyggjarar.



Arbeidsoppgåver

  • Vere vertskap for Stad kommune og formidle informasjon til innbyggjarar og besøkjande
  • Utlån av bøker på biblioteket
  • Utlån av utstyr gjennom BUA
  • Posthandtering og andre interne sørvisfunksjonar på innbyggartorget
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle

Kvalifikasjonar

  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk. Det er ein fordel om du meistrar fleire språk
  • God IT-kompetanse
  • Lokalkunnskapar om Selje, Stad kommune og regionen er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav

Personlege eigenskapar

  • Sørvisinnstilt og flink til å kommunisere
  • Sjølvstendig, nøyaktig og likar ein aktiv kvardag
  • Fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig

Vi tilbyr

  • Ein triveleg sommarjobb i flotte lokalar
  • Nærleik til Noregs finaste strand
  • Løn etter tariff

Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar saman med søknaden. I søknaden må du opplyse om når du kan arbeide. dersom du ikkje kan arbeide heile perioden, ber vi om at du opplyser om dette.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillingane kan du ta kontakt med einingsleiar Tonje Ramse Trædal i lokal samfunnsutvikling.

Kontaktinformasjon

Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33

Arbeidsstad

Nabben 80

6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4807592113

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Startdato: 24.06.2024

Sluttdato: 18.08.2024

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Nabben 80, 6740 Selje
Stillingsfunksjon
Annet, Kundeservice, Kontor og administrasjon
FINN-kode
352175689
Sist endret
09. mai 2024 09:27