Arbeidsleiarar for sommarhjelp

Arbeidsgiver
Kultur, Stad kommune
Stillingstittel
Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Stad kommune søkjer etter 2 stk arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 20), begge stillingane er i 80%. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 28.06.2024 - 09.08.2024. Arbeidstid er mondag - fredag, 6 timar kvar dag. Start og sluttidspunkt kan variere etter avtale.



Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp, hjelpe og støtte 3 ulike sommarhjelpteam på 2-3 ungdomar i alderen 14-20 år som skal skape sommaraktivitetar for barn og unge og jobbe i BUA.
  • Ta seg av opplæring av nytt team.
  • Hjelpe nytt team med planlegging og arbeidsfordeling.
  • Legge til rette for aktivitetar som er spelt inn på ALLEMED-dugnad i forkant og eigne idear sommarhjelpene har.
  • Ansvar for å følge opp bestillingar og BUA sitt utlånssystem (opplæring vil bli gitt).
  • Andre oppgåver vil kome i tillegg.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med prosjektarbeid er ein fordel
  • Erfaring med ungdomsarbeid eller arbeidserfaring frå grunnskulen vert vektlagd
  • Du kan gjerne vere student
  • Du må ha førarkort kl. B.
  • Lokalkunnskap om Stad kommune og regionen er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
  • Kunnskap om, og erfaring med å publisere på sosiale media/digitale plattformar

Personlege eigenskapar

  • Du er fortrinnsvis mellom 20 og 30 år.
  • Du er sjølvstendig, pliktoppfyllande, systematisk og serviceinnstilt.
  • Du er ein person som likar å organisere aktivitetar og likar å bli kjend med og prate med nye folk.
  • Du må ha godkjent politiattest.

Vi tilbyr

  • Ein triveleg sommarjobb
  • Nærleik til Noregs finaste strender og fjell
  • Løn etter tariff

Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar saman med søknaden.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillingane kan du ta kontakt med Astrid Grete Torheim i Eid frivilligsentral

Kontaktinformasjon

Astrid Grete Torheim, Eid Frivilligsentral, 41460042, astrid.grete.torheim@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Sophus Lie-vegen 3

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4808173343

Stillingsprosent: 80%

Sommarjobb

Startdato: 28.06.2024

Sluttdato: 09.08.2024

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
352174773
Sist endret
08. mai 2024 01:50