Lege i spesialisering Barnesjukdommar

Arbeidsgiver
Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering Barnesjukdommar
Frist
23.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledige stillingar for lege i spesialisering innan barnesjukdommar!

  • 1 x 100% vikariat frå 01.09.24 - 01.07.25
  • 1 x 100% vikariat frå 01.09.24 - 28.02.25
  • 1 x 100% vikariat frå 01.06.24 - 31.12.24
  • 4 x 100% vikariat frå 01.09.24 - 31.12.24

Alle vikariata har mogelegheit for forlenging.

Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 veker - 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga har til saman seks seksjonar som er lokalisert i Ålesund, Molde og Kristiansund.

I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter. Vi har her tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 8 delt og tertiærvakt nyfødtmedisin 5 delt.

Du er velkomen som søkjar.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i avdelinga si gjeldande vaktordning
  • Delta i dagleg postarbeid og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fokus på god spesialistutdanning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Kontaktinformasjon

Christine Vaksdal Nilsen, Seksjonsleder (lege), +47 70 16 76 45, Christine.Vaksdal.Nilsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 1

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4812312745

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.09.2024

Søknadsfrist: 23.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
Åsehaugen 1, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
352171990
Sist endret
09. mai 2024 08:56