Lærar, vikariat på barnetrinnet ved Åseral barne- og ungdomsskule

Arbeidsgiver
Åseral kommune
Stillingstittel
Lærar, vikariat ved Åseral barne- og ungdomsskule
Frist
18.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

For skuleåret 2024/2025 er det ledig vikariat i full stilling som lærar og kontaktlærar på barnetrinnet ved Åseral barne -og ungdomsskule.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, der det å arbeide saman mot felles mål er viktig for oss.
Åseral barne- og ungdomskule er ein skule med ca. 115 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i Åseral kommune. Ved skulen ligg kunstgrasbane, friidrettsbane og fleirbrukshall som er mykje nytta. Skulen har også fått dekkjungel og sykkelbane. I tillegg har vi naturen rundt med et nyrenovert uteområde som vi prøver å nytte så godt som råd er.

https://www.xn--bus-tla.no/



Arbeidsoppgåver

Undervisning for elevar på barnetrinnet.

  • Det er spesielt ønskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk
  • Kontaktlæraroppgåver kan påreknast
  • Planleggje, gjennomføre og følgje opp undervisning i tråd med ny læreplan
  • Delta og vere aktiv i skulen sitt utviklingsarbeid.
  • Ta ansvar for og fremje eit godt samarbeid mellom skule og heim

For tilsetjing er det naudsynt med politiattest utan merknader (ikkje eldre enn 3 mnd)

Kvalifikasjonar

Krav om godkjent lærerutdanning og undervisningskompetanse jmfr. Opplæringsloven kapittel 10 og forskrift til opplæringsloven kap 14

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi søker medarbeidarar som:

  • Har evne til å skape gode relasjonar til både elevar og andre tilsette
  • Har evne til å leie tydeleg, strukturert, forutsigbart og sette tydelege grenser
  • Er fleksible og har endringskompetanse
  • Har stor fagleg kompetanse og stort engasjement
  • Har evne til å arbeide godt i team og er ein god lagspelar
  • Tek i bruk varierte arbeidsmetodar og læringsarena for å fremje elevanes motivasjon, kreativitet og faglege nysgjerrighet

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldene lover og tariffer
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige tilsette
  • Rettleiing for nyutdanna
  • Kollektiv kompetanseheving i dysleksivenleg undervisning
  • Vi kan hjelpe til å finne bustad
  • Barnehageplass
  • Gratis SFO

https://xn--flytttilseral-wfb.no/

Kontaktinformasjon

Helene Håvorstad Ljosland, Einingsleiar/rektor Åseral barne- og ungdomsskule, +47 975 70 091

Arbeidssted

Bordalen 3

4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune



Referansenr.: 4807593903

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 18.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Bordalen 3, 4540 Åseral
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
352171804
Sist endret
09. mai 2024 08:59