Inaktiv

Aktivitørstilling 85 % Vikariat

Arbeidsgiver
Vestre Slidre kommune
Stillingstittel
Aktivitørstilling - 85% vikariat
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vestre Slidre kommune har ledig vikariat frå 01.08.24 til 30.04.25. Stillinga omfattar å drifte dagsenter for heimebuande menneske som har kognitiv svikt og alderspsykiatri, 60% aktivitør. Tilbodet er fysisk plassert i Plassen. Dagsenteret er ope måndag og torsdag. Tysdagar er kontordag, med til dømes kartlegging inn i hukommelseteamet. Stillinga er også tilknytta heildøgnsbemanna omsorgsbustad Bergtun, med 25% turnus kvar tredje helg.



Arbeidsoppgåver

  • Tilrettelegge for ulike aktivitetar
  • Servere måltid
  • Samarbeide med andre tenester
  • Vere eit ledd i utredning / observasjon av funksjonen på dagsenteret
  • Dokumentere i journalsystem
  • Stell, pleie og aktivisering i helgestillinga
  • Kan være aktuelt med transport av brukarar til og frå dagsenter, med kommunal bil.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, eller anna relevant fagutdanning.
  • Gjerne erfaring med arbeid med menneske med kognitiv svikt.
  • Grunnleggande datakunnskapar for å ta i bruk journalsystem og andre dataprogram som er i bruk
  • Gode norskkunnskapar - muntleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest må leverast

Personlege eigenskapar

  • Vere rolig og tålmodig som person
  • Ta ansvar for å skapa framdrift
  • Gjerne med kreative interesser som sang, tegning , håndarbeid ol.
  • God i munntleg og skriftleg norsk
  • Personlege kvalifikasjoner vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, +47 97592703

Arbeidsstad

Slidrevegen 16

2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune



Referansenr.: 4805512500

Stillingsprosent: 85%

Vikar

Søknadsfrist: 27.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
352168118
Sist endret
09. mai 2024 08:33