100% vikariat - Åmot skule, Vinje
- Arbeidsgiver
- Åmot Skule
- Stillingstittel
- Lærer (grunnskole)
- Frist
- 30.05.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1.-10. skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne, av desse er om lag 60 tilknytt SFO. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.
Ledige undervisningsstilling - 100% vikariat skuleåret 2024-2025
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring. Alle fag og trinn i barneskulen/ ungdomsskulen er aktuelle, men det er særleg trong for fylgjande kompetanse: Engelsk, matematikk, naturfag, kunst og handverk, musikk og kroppsøving. Me ynskjer også å knytte til oss lærarar med kompetanse i pedagogisk bruk av gaming
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring. Tilsetting frå 01.08.24-31.07.25.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20
- Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
- Delta i og bidra til lærande fellesskap ved skulane
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne
- Kontaktlærarfunksjon og andre funksjonar i skulen kan bli lagt til jobben
Kvalifikasjonar
- Formell undervisningsfompetanse i aktuelle fag.
- Godkjend lærarutdanning 1.-7. trinn og 5.-10. trinn ift. opplæringslova
- God fag-/metode-/relasjonskompetanse
- Gode digitale ferdigheitar og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
- Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
- Du har fokus på elevane sine moglegheitar for læring
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
- Du er strukturert og overheld tidsfristar
- Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du tek ansvar og er profesjonell
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er engasjert i leik og samhandling med barn
Me tilbyr
- Flotte og engasjerte elevar frå alle verdshjørne
- Eit engasjert elevråd
- Kantine med gratis skulemat for elevar og hyggeleg pris for tilsette
- Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
- Kontaktlærar har eit tillegg på kr. 42.000 pr. år for 1.-4. trinn /
kr. 36.000 pr. år for 5.-10. trinn - Nyutdanna lærarar får rettleiing
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Generell informasjon
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing
- Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden
- I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet.
Skulle det bli ledig fleire lærar-/fagarbeidar-/assistentstillingar i kommunen (vikariat, mellombels eller faste) fram mot 01.08.24 vil ein vurdere å tilsetje etter same søkjarliste.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema.
++Lenke til søknadsskjema finn du her++
Velkomen som søkjar!
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Raulandsvegen 58, 3890 Vinje
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 352163423
- Sist endret
- 13. mai 2024 08:20