Sjukepleiar 

Arbeidsgiver
Kjevekirurgisk poliklinikk, Helse Førde
Stillingstittel
Sjukepleier
Frist
12.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kjevekirurgisk poliklinikk har ledig 80% vikariat for sjukepleiar.

Vikariatet har i utgangspunktet varigheit på 6 månader, med mogelegheit for forlenging og fast stilling.

Kjevekirurgisk poliklinikk gir tilbod til dei som har behov for undersøking og behandling av sjukdomar i tenner, munn og kjeve. Dei må vere tilvist frå tannlege eller lege. Operasjonane blir oftast gjort med lokalbedøving. Vi har ein fast dag i veka til operasjonar i narkose. Vi har også akutte pasientar, samt tilsyn på pasientar innlagt på andre avdelingar på sjukehuset.

Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane utfører tannbehandling i narkose hos oss 2 - 3 dagar i veka.

Alle dei tilsette har berre dagarbeid, 5 veker sommarferie og ekstra avspasering.

Oppstart: frå 01.09.2024



Arbeidsoppgåver

  • Assistere ved oralkirurgiske inngrep og undersøkingar
  • Merkantile oppgåver som å handtere tilvisingar, innkalling og kalle inn til nye timar
  • Reingjering og sterilisering av utstyr

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Søkjar må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha evne til å skape og ivareta gode relasjonar med pasientar og
    kollegaer. Vi verdset god og positiv samarbeidsånd
  • Du må vere fleksibel og omgjengeleg i eit levande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeiskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå
  • Grundig opplæring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)


Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Hillersøy Dahle, Seksjonsleiar, 578 39 818

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4811603938

Stillingsprosent: 80%

Vikariat

Søknadsfrist: 12.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
352163319
Sist endret
09. mai 2024 07:54