Lærar i kulturskulen – Oppfinnarklubben

Arbeidsgiver
Kulturskulen, Vestre Slidre kommune
Stillingstittel
Lærarar i kulturskulen – Oppfinnarklubben og andre aktuelle fag
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vestre Slidre kulturskule er ein moderne utviklingsorientert kulturskule. Skulen er prega av stor fagleg breidde og høgt engasjement. Det har gitt oss stor oppslutning i lokalsamfunnet. Nesten 50% av elevane i grunnskulen har ein eller fleire plassar i kulturskulen.

I tillegg til å vere ein tradisjonell kulturskule er Vestre Slidre kulturskule eit ressurssenter for kultur i kommunen. Kulturskulen samarbeider med helse og omsorg, barnehagane, kulturkontoret og kulturlivet elles i kommunen.

Vestre Slidre kulturskule søker no etter nye lærarar. Fleire arbeidsoppgåver er lyst ut i denne annonsen. Stillinga kan kombinerast med desse.

Mellom anna treng vi lærar til Oppfinnarklubben. Den held til i Jokerspace i Ryfoss og er eit samarbeid med Vang kulturskule og Skaperkraft Valdres SA. Jokerspace har utstyr for laserkutting/gravering, 3D-printing, vinyldesign, digitalt styrt broderingsmaskin, symaskin og enkelt basisutstyr for arbeid med elektronikk, tre og metall. Der er også ein del utstyr for å jobbe med koding. I tillegg er der ein spill-PC, to videokamera og en redigeringskonsol som gir moglegheiter for streaming av skjermen og omgjevnadane når ein spelar.

Nedre aldersgrense i Oppfinnarklubben er 5. klasse.



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning
  • Sette seg inn i og løyse tekniske og praktiske utfordringar som dukkar opp i møte med det deltakarane vil gjere/lage
  • Profilere Oppfinnarklubben på store framsyningar der kulturskulen skal vise breidda i kulturskuletilbodet.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med skapande aktivitetar
  • Erfaring med – eller lyst og evne til å sette seg inn i – aktivitetar knytt til utstyret i Jokerspace
  • Evne til å planlegge og gjennomføre aktivitetar med grupper
  • Gjerne pedagogisk utdanning eller erfaring med å jobbe med born
  • Relevant praksis og erfaring kan kompensere for manglande utdanning

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å leie og organisere grupper
  • Likar å jobbe med born
  • Jobbar godt sjølvstendig og i team

Personlige eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver
  • God pensjonsordning og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Gudbrand Heiene, Avdelingsleiar kultur, +47 41335496

Arbeidsstad

Ryfossvegen 111

2973 Ryfoss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune



Referansenr.: 4812102411

Stillingsprosent: 7,68%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Ryfossvegen 111, 2973 Ryfoss
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
352162015
Sist endret
09. mai 2024 07:46