Overlege psykiatri

Arbeidsgiver
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overlege psykiatri
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du psykiater, eller snart ferdig med spesialiseringa, og på utkikk etter nye utfordringer? Då kan det vere verdt å stoppe opp her!

Vi har ledig stilling som overlege/ psykiater ved Avdeling for sykehuspsykiatri Sunnmøre - Seksjon for Akutt psykisk helse frå 26.08.2024.

Seksjon Akutt psykisk helse Ålesund er delt i to team, Team A og Team B som samarbeider tett. Team A er psykiatrisk mottak ved Ålesund sjukehus og team B har en subakutt funksjon. Vi er no i ein prosess med å få samla Akuttpostane i ei eining og i nye lokaler, og det vil då ikkje vere oppdelt i to team slik som per i dag. Det er utarbeida planer for korleis denne seksjonen skal vere, og vi går inn i en spennande prosess med å få samla fagmiljøet og bygge opp ei sterk akutteining her i avdelinga.

Akutt psykisk helse Ålesund har 4 overlegestillingar fordelt på de to teama. Team B, som denne stillinga er knytta til, har allereie ein svært dyktig overlege hos oss, men ho treng ein ny kollega. Seksjonen tilbyr oppstart av behandling i akutte fasar av alvorleg psykisk sjukdom. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld forøvrig 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Team A og Team B, som kvar har 6 senger, Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering.




Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling/ stabilisering av menneske i akutt krise
  • Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfagleg samarbeid
  • Individualterapi og pårørandesamtalar
  • Deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent norsk spesialitet innan psykiatri
  • LIS som nærmar seg fullført spesialisering kan også vere aktuell for stillinga
  • Erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
  • Ønskjeleg at med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg godt

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som er nytenkjande og endringsorientert
  • Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er ein miljøskapar der det faglege og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
  • Du er ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Du har evne til å tåle stress og stå i krevende situasjoner
  • Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljøer
  • Du har interesse for forbetringsarbeid og forsking innan akuttpsykiatri

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Tilskudd til flytting etter gjeldande retningslinje
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, 99327739, erik.sletten.helgesen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Ålesund sjukehus

6026 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4715741445

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
Stillingsfunksjon
Lege, Lege / Overlege, Helsepersonell
FINN-kode
352160101
Sist endret
08. mai 2024 11:57