Inaktiv

Barne og ungdomsarbeidar SFO

Arbeidsgiver
Klepp kommune, Orstad skule
Stillingstittel
Barne og ungdomsarbeidar SFO
Frist
24.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein leiken, kreativ og omsorgsfull vaksen?

Me søkjer ein blid og kvikk medarbeidar som er sjølvstendig og fleksibel i møte med barn, føresette og kollegaer, som kunne tenkja seg å vera her med oss i Orstad SFO.


Du må ha eit ynskje og evne til å aktivisera barn i leik og gjennom aktivitetar, gjerne med utgangspunkt i eigne interesser og ferdigheiter. Vår SFO brukar hobbyane og interessene til dei tilsette som eit utgangspunkt for aktivitetar for barna på SFO.


For oss er det viktig at alle barn opplever inkludering i felleskapet, og me har fokus på mangfaldet i barnegruppa. Hos oss er alle barn velkomne. Det er viktig at vaksne som jobbar i SFO deler dette synet på barn og inkludering. I Klepp kommune er me opptekne av “med blikk for alle”, og me vektlegg at me er gode rollemodellar for barna og har eit godt foreldresamarbeid.


Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar med stort fagleg engasjement, som vil vera med å bidra i eit læringsmiljø der barns trivsel og utvikling er i fokus.



Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg og skapa trivsel
  • Bidra til den sosiale utviklinga og trivselen til barna
  • Rettleia barn i leik og fritidsaktivitetar inne og ute
  • Skapa eit trygt og positivt miljø for barn, føresette og kollegaer
  • Byggja gode relasjonar med barna og hjelpa barna til å byggja relasjonar med kvarandre
  • Bidra i planlegginga av innhaldet i SFO i tråd med rammeplanen
  • Gjennomføra aktivitetar med barnegrupper

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje eit krav
  • Relevant erfaring og kompetanse kan kompensera for manglande utdanning
  • Meistra norsk på eit godt nivå. Du bør ha bestått språktest nivå B1
  • Utviklingsorientert og samarbeidsorientert

Personlege eigenskapar

  • Positivt syn på barn og inkludering
  • Ein god støttespelar for utviklinga til barna gjennom leik og læring
  • Du må vera ein trygg vaksen og ein god rollemodell for barna, som evnar å setja grenser med varme og omsorg
  • Positiv, engasjert og reflektert
  • God til å kommunisera og samarbeida med andre
  • God til å byggja relasjonar
  • Du må like å vera ute i alle årstider
  • Du må vera aktiv og leiken i samspel med elevane

Vi tilbyr

  • Eit godt og engasjert arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver og kvardagar
  • Medråderett, medansvar og rettleiing

    Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.

Kontaktinformasjon

Randi Harveland, rektor, +47 41292877

Arbeidsstad

Skogvegen 26

4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune



Referansenr.: 4812113331

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 24.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Skogvegen 26, 4353 Klepp stasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
352154376
Sist endret
09. mai 2024 07:01