Inaktiv

Barne- og ungdomsarbeidarar ved Godøy skule og SFO

Arbeidsgiver
Giske kommune, Godøy skule
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar ved Godøy skule og SFO
Frist
22.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig inntil 2 heile stillingar som barne- og ungdomsarbeidar ved Godøy skule og SFO frå 01.08.2024. Stillingane følgjer skuleruta (arbeidsåret er 37,5 t/v i 39 veker med avkorta løn til 89 %).

Godøy skule er ein 1 – 7 skule med ca. 145 elevar. Rundt 60 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Trygt forankra strekk vi oss ut». Vi er opptekne av at vi skal bidra til å gjere elevane trygt forankra i seg sjølv, skulemiljøet og lokalmiljøet, og kunne vere ein aktiv medspelar som blir rekna med.

Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Leike, lære og utforske i lag med barn, både ute og inne.
  • Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik.
  • Samarbeide tett og godt med barn, foresatte og kollegaer.
  • Støtte og hjelpe elevar med ulike behov for meistring av skulekvardagen.
  • Hjelpe til med praktiske oppgåver i samband med skulekvardagen.

Kvalifikasjonar

  • Vi ønsker søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna utdanning med pedagogikk, men helsefagarbeidarar og andre kan også søkje.
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
  • Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
  • Vere trygg i konflikthandtering.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
  • Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
  • Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
  • Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
  • Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer

Kontaktinformasjon

Oddfrid Reinlund, konstituert rektor, +47 48023464

Arbeidsstad

Gøymyrane 122

6055 Godøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4811757803

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Gøymyrane 122, 6055 Godøya
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
352147928
Sist endret
09. mai 2024 06:23