Inaktiv

Ambulansearbeidar/ Paramedisiner

Arbeidsgiver
Amb.stasjon Surnadal, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ambulansearbeidar/ Paramedisiner
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Seksjon Surnadal har ledig ei 100% fast stilling med oppstart frå 01.09.24.

Helse Møre og Romsdal HF, Seksjon Surnadal består i dag av 2 heildøgns ambulansar med 16 fulltidstilsette. Vi har fokus på fagleg utvikling og best mogleg pasientbehandling. Seksjon Surnadal søker etter fagleg engasjert og ansvarsbevisst paramedisiner/ambulansearbeidar som har evnen til å inspirere og motivere andre til å yte betre i kvardagen.
Om du har pågangsmot, liker nye utfordringar og føler denne stillinga kan vere noko for deg, oppfordrar vi deg til å søke.

Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbudt. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.



Arbeidsoppgåver

  • Samhandle med interne og eksterne aktører i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag fra AMK
  • Samarbeide i team og samarbeidsetatar
  • Delta på undervisning og sertifiseringar
  • Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
  • Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
  • Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som Paramedisiner/ Ambulansearbeidar
  • Inneha farmakologistudie tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
  • Bestått utrykningskurs og innehar kompetansebevis for kode 160
  • Gyldig Politiattest etter lov om helsepersonell §20a før tilsetting
  • Vere psykisk og fysisk egna for stillinga
  • Kandidaten må bestå fysisk test før tilsetting
  • Førerkort klasse C1, eller villig til å tilegne seg dette før tilsetting
  • Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
  • Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
  • Vere villig til å videreutdanne seg til Paramedisiner etter ei evt. tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og respektfullt med pasientar og kollegaer
  • Du har gode prioriteringsevner i nødsituasjoner
  • Du er motivert, fleksibel og tilpasningsdyktig
  • Du er omsorgsfull og tålmodig med pasientar og kollegaer
  • Du har gode datakunnskapar
  • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har gode fremstillingsevner i norsk både skriftleg og munnleg

Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande arbeidskvardag
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Lønn i henholdt til gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med fordelaktige forsikringsvilkår
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid

Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kontaktinformasjon

Jonny Moen, Seksjonsleiar, Jonny.Moen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Moavegen 27

6650 Surnadal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4810764705

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Moavegen 27, 6650 Surnadal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
352146393
Sist endret
09. mai 2024 06:12