Kokk / medarbeidar kjøkken

Arbeidsgiver
SJH - SOGN JHS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Kokk / medarbeidar kjøkken - vikariat
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).

Skulen har ledig stilling som kokk / medarbeidar på skulen sitt DEBIO-godkjende internatkjøkken.
Vi søkjer etter ein kreativ person som verdset å laga mat av eigenproduserte råvarer i sesong. Dette inneber mykje praktisk arbeid, men gjev til gjengjeld stor fridom til å boltre seg med særs kortreiste økologiske råvarar.



Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåvene er tillaging og servering av middag til elevar og tilsette på Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Det førekjem og tillaging og servering av måltider når det blir halde kurs og andre aktivitetar på skulen.
Elles vanlege arbeidsoppgåver ved storkjøkken og internatdrift.

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagleg utdanning / fagbrev som kokk eller lang relevant praksis
  • Kunnskap om ernæring og vegetarmat
  • Kunnskap om og interesse for matproduksjon i eit berekraftig perspektiv

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ansvarsfull og løysingsorientert
  • Påliteleg, tolmodig, engasjert
  • Interesse for matfagleg utviklingsarbeid
  • Meistra norsk skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår
  • Gunstig arbeidstid; arbeid på dagtid, mogelegheit for avspassering på elevfrie dagar

Kontaktinformasjon

Venke Sjursen, avdelingsleiar, 90122866, venke.sjursen@vlfk.no

Arbeidsstad

Skulevegen 24

5745 Aurland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4809058384

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 24, 5745 Aurland
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk, Mat og servering, Annet
FINN-kode
352125613
Sist endret
08. mai 2024 08:17