Ledig vikariat innan profilering av Noreg som samarbeids- og studieland

Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Stillingstittel
Ledig vikariat innan profilering av Noreg som samarbeids- og studieland
Frist
22.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga og avdelinga

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ledig eit vikariat i 50 % stilling som rådgjevar i avdeling for globalt samarbeid og kapasitetbygging. Avdelinga forvaltar verkemiddel og kunnskap som fremjer kvalitetsutvikling og globalt kunnskapssamarbeid, spesielt retta mot prioriterte samarbeidsland utanfor Europa.

HK-dir har ansvaret for å forvalte mandatet for profilering av Noreg som attraktivt samarbeids- og studieland. Målet er å styrke norsk utdanning sitt omdømme internasjonalt. Ein viktig del av dette arbeidet er å legge til rette for at norske universitet og høgskular både kan inngå utdannings-samarbeid med partnarar frå prioriterte samarbeidsland og rekruttere internasjonale studentar til studiar (både på utvekslingsopphald og for å ta ein heil grad) i Noreg. Dette inkluderer og utvikling av merkevara Study in Norway og drift av www.studyinnorway.no og tilhøyrande sosiale medier.

Arbeidet er retta mot både norske universitet/høgskular og direkte mot internasjonale studentar.

Avdeling for globalt samarbeid og kapasitetsbygging har i dag 18 tilsette, fordelt på kontora i Bergen og Oslo. Stillinga vert utlyst i begge byane, og er ledig frå 15.juli eller etter nærare avtale. Vikariatet gjeld for ein periode på 6 månader, og kan verte forlenga.


Sentrale arbeidsoppgåver vil vere
  • Koordinering av profileringsmandatet knytt til Noreg som samarbeids- og studieland.
  • Støtte institusjonane i deira profileringsarbeid, t.d. organisere webinar/seminar og legge til rette for deltaking på relevante internasjonale konferansar.
  • Utvikle bodskap med utgangspunkt i gjeldande kommunikasjonsplan og merkevarestrategi.
  • Koordinere og vidareutvikle det praktiske marknadsføringsarbeidet retta mot internasjonale studentar.
  • Redaktøransvar for www.studyinnorway.no og vere ein pådrivar for drift og vidareutvikling av nettstaden og tilhøyrande sosiale mediekanalar.
  • Bidra til utvikling av ulike typar kunnskapsgrunnlag knytt til rekruttering av internasjonale studentar.

Kva kvalifikasjonar treng vi?

Du må ha:

  • relevant høgare akademisk utdanning, minimum bachelornivå, helst innafor kommunikasjon og marknadsføring. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for delar av utdanningskravet.
  • kunnskap om og erfaring med kommunikasjon og marknadsføring, knytta til profileringsarbeid innan høgare utdanning
  • kjennskap til norsk høgare utdanning og internasjonalt kunnskapsarbeid
  • god formulerings- og formidlingsevne på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Det er og ein fordel om du:

  • har god forståing av strategisk kommunikasjon og digital marknadsføring

Vi søker deg som:
  • jobbar systematisk og sjølvstendig
  • er løysingsorientert og målretta i arbeidet
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, også i ein internasjonal kontekst

Vi legg vekt at du er personleg eigna for stillinga.


Hos oss får du:
  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • høve til fagleg utvikling
  • jobb i moderne kontorfellesskap med faglege dyktige kollegaer
  • ein fleksibel arbeidstidsordning og høve for å jobbe heimanfrå delar av arbeidstida
  • høve til trening i arbeidstida, med inntil to timar i veka
  • høve for mobiltelefonordning
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar

Lønsvilkår
  • lønsplassering etter kompetanse
    • rådgjevarmed ei årslønn mellom kr 584 500 og 667 700
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.


Søknad og CV

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.


Kontaktperson

Namn: Hilde Haaland-Kramer

e-post: hilde.haaland-kramer@hkdir.no

telefon: 404 78 933


Sektor
Offentlig
Sted
Fortunen 1, 5013 Bergen
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Kontor og administrasjon, Koordinering
FINN-kode
352125271
Sist endret
14. mai 2024 08:03