Faste helgestillingar ved Spesialisert psykosebehandling, S5

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Seksjon S5, Helse
Stillingstittel
Faste helgestillingar med turnus henholdsvis dag/aften og natt
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykose er ein lukka akuttpost med 12 senger, der 2 av sengene er intensivsenger, lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.

Vi har no ledig følgande stillingar:

* 3 x 18% faste helgestillingar med turnus dag/kveld med arbeid pt. kvar 3. helg
* 2 x 30% faste helgestillingar med turnus på natt pt. kvar 3. helg.

På grunn av samansettinga av personalgruppa oppfordrast menn til å søke. Studentar innan helsefagleg retning, som medisin, psykologi, sjukepleie eller vernepleie kan også søke. Søkar må vere fylt 21 år. Vi kallar kandidatar fortløpande inn til intervju.



Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
  • Delta i gjennomføringa av den planlagde behandlinga av pasientar i tråd med god klinisk praksis, sjukehusets mål og etter gjeldande regelverk
  • Arbeide under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar og utføre oppgåver som er delegert av ansvarshavande sjukepleiar
  • Utføre og hjelpe til med kliniske oppgåver knytta til pasient
  • Delta i miljøarbeid og praktiske oppgåver
  • Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak under rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar/Vernepleiar/Helsefagarbeidar må ha Norsk autorisasjon
  • Vi ønsker at du har helsefagleg utdanning/studieretning
  • Vi ønsker søkarar med eit par års erfaring frå psykisk helsearbeid
  • Søkar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske
  • Vi ønsker fleksible medarbeidarar som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må vere ansvarsbevisst, til å stole på og ha evne til å arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivst på jobb
  • Kurs i MAP (møte med aggresjonsproblematikk)
  • Fadderordning
  • Konkurransedyktig pensjonsordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Liv Mala, Seksjonsleiar, 55958706

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4805013268

Stillingsprosent: 18, 30%

Fast

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
352108714
Sist endret
08. mai 2024 05:36