Sommarjobb på nasjonalparksenteret i Oppstryn!

Arbeidsgiver
Stiftelsen Jostedalsbreen Nasjonalparksenter
Stillingstittel
Sommarvikar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi søkjer etter ein naturglad og engasjert sesongarbeidar for perioden 1.juni-30.september.


Arbeidsoppgåver:


  • Formidling og vedlikehald av utstilling inne, botanisk hage og geologisk park
  • Informasjonsformidling om nasjonalparken og nærområdet til senteret
  • Oppgåver knytta til resepsjon, kjøkken, kafè og butikk
  • Anna forefallande arbeid vil vere servering, rydding og reinhald

Ønskjelege kvalifikasjonar:


  • Vere over 16 år
  • Serviceinnstilt, effektiv, positiv, arbeidsam og trivst med arbeid inne som ute
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og på lag med andre
  • Syner fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
  • Gode formidlings- og kommunikasjonsevner
  • Interesse for friluftsliv og aktivitetar i naturen
  • Gode språkkunnskapar -- evne til å formidle munnleg på norsk, engelsk og gjerne tysk

Relevant kompetanse og naturfagleg bakgrunn er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Arbeidstid varierar etter vaktliste og vil inkludere ettermiddag og helg.


Vi tilbyr ein spanande og variert jobb i eit inkluderande, aktivt og triveleg miljø


#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord


For nærare opplysningar kontakt dagleg leiar Wenche Nesje, tlf. 916 23 883 / e-post mail@visitjostedalsbreen.no


Kortfatta søknad med CV sendast til mail@visitjostedalsbreen.no


Søknadsfrist: snarast

Sektor
Privat
Sted
Strynevegen 1932, 6799 Oppstryn
Stillingsfunksjon
Annet, Kundeservice, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
352084018
Sist endret
07. mai 2024 06:41