Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har nå tilsatt seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiater og psykologspesialist.
Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til
pasientgruppa.
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken
gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen,
Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har
klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år.
Bjørgvin DPS har i 2023 eit budsjett på 159 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 156 årsverk.
Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på
Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda
psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter ein fagleg, engasjert og psykologspesialist i 100% fast stilling til fagområdet
psykose. Psykolog med særskild interesse for fagområdet kan også søke. Stillinga gir rom for alternativ tenking knytt til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide
intensivt i periodar for så å ha fri i periodar. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som
psykologspesialisten nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.



Arbeidsoppgåver

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utredning og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke
spesialistkompetansen ytterlegare.

Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for
spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og
brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:

* Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS
konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og
erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet

* Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan
døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har
totalt 160 pasientar i behandling

Bjørgvin psykose døgnbehandling:

* Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuelutdanna personale
med videreutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk

* Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med
spesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i klinisk vaksenpsykologi med vedtakskompetanse ihht psykisk helsevern lov
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande psykologspesialiststilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Nadya Selvik, Overlege, 55957000

Nils Olaf Steinstø, Psykologspesialist, 55957000

Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, 90980134

Arbeidsstad

Tertnesveien 37

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4811062016

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog
FINN-kode
352055241
Sist endret
08. mai 2024 05:36