Inaktiv

Helsesjukepleiar 80% engasjement i skulehelsetenesta

Arbeidsgiver
Barne - og familietenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Er du helsesjukepleiar og brenner for at barn og unge skal ha ein trygg og god oppvekst? Da er du den vi er på jakt etter!

Vi har ledig 80% engasjement som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta. Vi ser etter deg som er proaktiv og fleksibel, evner å jobbe sjølvstendig, og samstundes liker å vere del av eit team. Du vil få ein variert arbeidskvardag med ansvar for trefftid og oppfølging av barn, unge og deira familiar. Du vil også jobbe tett med andre som arbeider opp mot same målgruppe for å sikre barn og unge eit heilheitleg tenestetilbod.

Engasjementet varer i første omgang eitt år, med moglegheit for forlenging.

Helsestasjonen er ein del av barne- og familietenestene og har ansvar for helsestasjons- og
skulehelseteneste for barn og unge frå 0 til 20 år, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og flyktninghelseteneste. Tenesta er samlokalisert med barneverntenesta, pedagogisk-psykologisk teneste, flyktningtenesta og familieteamet. Vi er også i gong med å etablere eit psykisk helseteam for barn og unge. Alle desse tenestene har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats og verksame førebyggande tiltak.



Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver i tråd med nasjonalfaglege retningsliner, i hovudsak knytt til skulehelsetenesta:

  • Trefftid i skulane
  • Undervisning i klasser eller grupper
  • Støttesamtalar med barn og unge med fokus på livsmeistring og trivsel
  • Foreldresamtalar og foreldrerettleiing
  • Rettleiing til skulen sitt personale og andre samarbeidspartnare
  • Deltaking i tverrfaglege og tverretatlege samarbeidsfora

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon eller offentleg godkjenning som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan helsesjukepleie (anna relevant videreutdanning kan bli vurdert)
  • Erfaring frå helsestasjon og skulehelseteneste er ein fordel
  • Gode norskunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Sertifikat og disponere eigen bil i tenesta
  • Politiattest av nyare dato

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

  • Evne til å skape tillit og bygge trygge relasjoner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • Evne til å vere fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å sjå verdien av tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid og varierte arbeidsoppgåver
  • Fagleg sterke og engasjerte kollegaer
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gratis parkering

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Oddny Hilde Fure, Konst. avdelingsleiar helsestasjon, 91898768, oddny.hilde.johansen-fure@sykkylven.kommune.no

Carolin Urke, Einingsleiar Barn- og familietenestene, 94002772, carolin.urke@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 20

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4809821388

Stillingsprosent: 80%

Engasjement

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haugneset 20, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
352045396
Sist endret
07. mai 2024 05:24