Inaktiv

Miljøterapeut i Medikamentfritt tilbud

Arbeidsgiver
Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Miljøterapeut i Medikamentfritt tilbud
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker etter ein sprek medarbeidar med godt humør til vårt tverrfaglege team, Medikamentfritt tilbod på DPS Vegsund.
Vi har ledig 100 % fast stilling frå 01.08.24.

Vårt team består av: psykiatrisk sjukepleiar, psykiater, psykologspesialist, fysioterapeutar og musikkterapeut. Modell for terapi er ISTDP og all behandling er emosjonsfokusert. Pasientane i tilbodet er i eit 8 vekers intensivt behandlingsopplegg der dei mottek ulike medisinfrie behandlingstiltak.

Stillinga vil p.t. vere i døgnpost og med todelt turnus og jobb kvar 4. helg.
Dersom intern omrokkering så kan andre stillingar verte ledige.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i tverrfagleg team
  • Følge opp pasientar i teamet
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
  • Leie og delta i ulike gruppebehandlinger som gruppeterapi og livsstyrketrening
  • Koordinering av behandlingstilbod rundt pasientar
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Medisin administrasjon, dersom helsefagleg søker
  • Rettleiing av studentar

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie/vernepleie/sosialfagleg
  • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid og eller erfaring er ønskeleg
  • Ønske om utdanning innen for livsstyrketrening
  • Ønskeleg med gruppeterapiutdanning/erfaring frå gruppeterapi
  • Interesse for friluftsterapi
  • Personleg eignahet og matching i teamet vert vektlagt i tilsettinga

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør og likar å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel
  • Du likar å arbeide med pasientar i ulike grupper og ha undervisning
  • Du er sjølvstendig og har stort fagleg engasjement
  • Du har gode kommunikasjonsevner, vert vektlagt
  • Du beherskar godt norsk skriftleg og munnleg
  • Du har førarkort for personbil

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vegsundvegen 68

6020 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4809898317

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Vegsundvegen 68, 6020 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
352033173
Sist endret
14. mai 2024 07:05