Rettleiar i Nav

Arbeidsgiver
Herøy kommune, Nav Herøy og Vanylven
Stillingstittel
Rettleiar i NAV
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Nav Herøy og Vanylven har 18 tilsette som yter tenester til dei omlag 12 000 innbyggarane i kommunane Herøy og Vanylven. Vi jobbar tverrfagleg og du vil difor samarbeide tett både internt og eksternt. Vi har eit høgt arbeidstempo og arbeidsoppgåvene er mange og på mange område. Det gjer at du må kunne jobbe effektivt, sjølvstendig og strukturert for å lukkast.

Nav Herøy og Vanylven har kontorlokale i begge kommunene, og du må difor pårekne å reise mellom dei to kontorlokasjonane.

Nav Herøy og Vanylven er oppdelt i to team, plasseringa vil verte avgjort etter kvalifikasjonar og behov i dei forskjellige teama.



Arbeidsoppgåver

  • brukaroppfølging
  • utoverretta arbeid
  • samhandling med marknad og andre samarbeidspartar
  • saksbehandling og oppfølging etter lov om sosiale tenester
  • saksbehandling og oppfølging etter folketrygdlova

Elles forefallande arbeidsoppgåver på kontoret.

Kvalifikasjonar

  • bachelor helst med sosialfagleg bakgrunn, andre med relevant utdanning kan verte vurderte
  • erfaring frå arbeid i Nav vert vektlagt
  • ønskeleg med marknadskompetanse

Personlege eigenskapar

  • må ha evne til å stå i ein hektisk arbeidskvardag
  • må kunne takle høgt stress og stort arbeidspress
  • vere omstillingsdyktig, systematisk og strukturert
  • ha gode samarbeidsevner
  • må kunne jobbe sjølvstendig, men også i team
  • må kunne takle å arbeide med menneske som er i ein sårbar situasjon

Vi tilbyr

  • løn etter kommunale vilkår
  • eit inkluderande og kunnskapsbyggande arbeidsmiljø

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Hilde Dyrhol, Leiar, +47 90824537

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 2 C

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4809957242

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Eggesbøvegen 2 C, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Konsulent
FINN-kode
352032117
Sist endret
08. mai 2024 11:34