Ledig 3 100% faste undervisningsstillingar ved Vangen skule

Arbeidsgiver
Voss herad Vangen skule
Stillingstittel
Grunnskulelærar
Frist
24.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, Integrering og vaksenopplæring, Barnevern, Helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.

Om avdelinga:

Vangen skule ligg i sentrum og har omlag 235 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. Vangen skule er ein 1.-7. skule. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon.

Tidsrom:

  • Tilsetjinga gjeld frå 1.august 2024.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene vil vera knytt til undervisning i klassar, grupper og evt kontaktlærar funksjon.
  • Primert ynskjer me å tilsetje i 100% stilling, men ein kan søkja på deler av stilling

Kvalifikasjonar:

  • grunnskulelærar
  • undervisiningskompetanse i fleire fag
  • me treng spesialpedagogar som har erfaring innanfor autismespekteret
  • musikklærar
  • evnt. Anna relevant pedagogisk utdanning kan bli vurdert.


Me ynskjer ein kollega som er:

  • samarbeidande
  • relasjonell kompetanse
  • kompetanse innan samarbeid i team
  • strukturert
  • trygg og tydeleg
  • engasjert og positiv til utvikling av Vangen skule
  • trygg i leiing av klassar og læringsarbeid
  • glad i å vera saman med andre

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Voss herad tilbyr:

  • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for dei som har grunnskulelærarutdanning (GLU) 1-7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
  • Fast stilling i Voss herad
  • Kontaktlærartillegg kr. 38 000 per år
  • God ordning for etter- og vidareutdanning
  • Gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Hestavangen 24, 5700 Voss
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
352028466
Sist endret
07. mai 2024 03:19