Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
19.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du den vi søkjer 😊 så har vi ledig 80% fast stilling i turnus som helsefagarbeidar i avdeling Oreteigen på Gloppen omsorgssenter, med tilsetting snarast. Dersom det ikkje blir søkjarar med helsefagarbeidarutdanning, vil vi vurdere å tilsette pleiemedarbeidar i mellombels stilling.

Oreteigen er ei bueining med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning.
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnosar og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.

Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg




Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilskapleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
  • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
  • Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / elever og lærlingar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Har erfaring frå kommunehelsetenesta
  • Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Har god og generell IT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen

Personlege eigenskapar

  • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
  • Ein som medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med endringar og nytenking
  • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.

Vi tilbyr

  • Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

Kontaktinformasjon

Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527

Iren Knutsen Utheim, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 917 03 443

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4811407482

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 20.06.2024

Søknadsfrist: 19.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
352023595
Sist endret
29. mai 2024 01:13