Inaktiv

Off. godkjent sjukepleiar 

Arbeidsgiver
Ørstaheimen, Vallastova
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar Vallastova
Frist
25.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Stillinga er pr. idag plassert på Ørstaheimen, avd. Vallastova. Vallastov er ei somatisk langtidsavdeling med 24 plassar. og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.

Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Tilsette kan få jobbe inntil 14 timars vakter på helg og i vekene. Det kan vere med å gi fleksible friperiodar.




Arbeidsoppgåver

Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vere off. godkjent sjukepleiar
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
  • Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • God skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåve
  • Tek initiativ og ansvar
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
  • Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
  • Du er engasjert, løysingsorientert
  • Søkjer faglege utfordringar
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert
vektlagde.

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP


Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar.

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 - Sjukepleiar

Rekrutteringstilskot med bindingstid til nytilsette

Det kan vere aktuelt å gi bonus for å ta langvakter på helg.

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Lisa Korsfur Silseth, Avd.leiar, 48132814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no

Wenche Flo, Tenesteleiar, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4808935455

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
352022576
Sist endret
07. mai 2024 02:54