Vikevåg skule søkjer miljørettleiarar  skule/SFO 

Arbeidsgiver
Vikevåg skule - Stavanger kommune
Stillingstittel
Miljøveiledere
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

HAR DU LYST Å JOBBE PÅ EIN SKULE MED ENGASJERTE MEDARBEIDARAR MED HØGT FOKUS PÅ LÆRINGSMILJØ OG TRIVSEL?

Spennande jobb på ein av Stavanger sine utkantskular i naturnære flotte omgivnader på Rennesøy. Vi ønskjer deg velkomen til kjekke og inkluderande medarbeidarar i eit godt samarbeidsklima. I stillingen som miljørettleiar vil du vere med å bidra til at barn får ein trygg og god oppvekst. Du vil inngå i eit fagleg pedagogisk team med hovudoppgåve på stimulering av sosial utvikling og vekst for elevar.

Vikevåg skule ligg i Vikevåg på Rennesøy i Stavanger kommune. Skulen er ein 1.-7. skule med i underkant av 300 elevar og eit personale på rundt 45 personar. På SFO er det ca. 70 barn.

Satsingsområda for skulen er: Begynneropplæringa og grunnleggjande ferdigheiter, systematisk arbeid med trygt og godt skulemiljø og samarbeid heim-skule.

Skulen har eigen skulehage i nærleiken der elevane kan utfalde seg gjennom praktiske og varierte aktivitetar på tvers av fag. Her får elevane naturopplevingar og eit fagleg grunnlag knytta til naturressursar, biologisk mangfald og bærekraftig utvikling.

Stillinga på 50 % er knytta til skulen og ikkje SFO.

Stillinga 100% er knytta til både skule og SFO.



Arbeidsoppgaver

Gi barn med samansette behov eit tilpassa tilbod utfrå elevane sin ståstad i samarbeid med kollegaer på trinn.

Tilretteleggjing og oppfølgjing av enkeltelevar.

Samarbeid med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.

Delta i endrings -og utviklingsarbeid.

Delta i pedagogisk planleggjing for elevar med samansette behov.

Delta i utarbeiding av individuell opplæringsplan (IOP)

Kvalifikasjoner

Vi søkjer etter personar med relevant bachelorutdanning/3 årig universitets/høgskuleutdanning; barnevernspedagog, vernepleiar, sosionom, barnehagelærar eller fagbrev/barne -og ungdomsarbeidar.

Du bør ha erfaring med barn med samansette behov.

Du bør ha erfaring med handtering av utfordrande atferd.

Det er ønskjeleg at du har kompetanse innen traumebesvisst omsorg (TBO) og Tryggheitssirkelen (COS)

Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med eit skandinavisk språk som morsmål.

Personlige egenskaper

Vi søkjer etter personar med gode relasjonelle ferdigheiter, og som har personleg engasjement for barn som treng tett og tilrettelagt oppfølgjing.

Kunne stå i utfordrande elevsituasjonar med utagering.

Vi søkjer personar som er initiativrik, fleksibel og har godt humør.

Du har gode samarbeidsevner og ser moglegheiter.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Kjempekjekke elevar, eit godt arbeidsmiljø og eit svært inkluderande kollegium.

Ein fin skule med flotte inne og uteområder.

Eigen skulehage i nærmiljøet som blir brukt heile året på alle klassetrinn.

Spennande utfordringar i ein variert arbeidsdag der rausheit og fleksibilitet står sterkt.

Ein skule med høg trivsel hos elevar og vaksne.

Vi tilbyr lønn etter gjeldande avtaleverk.

Tilgang til idrettshall og symjehall.

Vi er praksisskule for Universitetet i Stavanger.

Tilsettgoder som kollektivordning Hjem-jobb-hjem, rabatt på treningssenter, symjehall mm.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Vikevåg skule er ein nynorskskule.

Gode parkeringsmoglegheiter.

Skulen ligg nær busstopp.

Kontaktinformasjon

Marianne Kahrs, Rektor, 90553602, mkahrs@stavanger.kommune.no

Arbeidssted

Sørbøveien 6

4150 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Stavanger kommune



Referansenr.: 4809635253

Stillingsprosent: 50, 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 21.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sørbøveien 6, 4150 Rennesøy
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
352008726
Sist endret
07. mai 2024 02:05