Faste stillingar som helsefagarbeidar ved somatiske einingar 

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Frist
23.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.

Det er ledig stilling ved desse avdelingane:

  • Augeavdelinga,Poliklinikk
  • Medisinsk klinikk, Medisin 1 vest

Oppgi øverst i søknaden i prioritert rekkefølge kva stilling(ar) du søker på. For desse stillingane er det krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga.

Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.



    Arbeidsoppgåver

    Augeavdelinga, tilbyr både medisinsk og kirurgisk behandling i tillegg til øyeblikkeleg hjelp til pasientar med augelidingar. Auge-poliklinikk er ei stor eining i Augebygget og i Glassblokkane. Til oss kjem pasientar for utgreiing, undersøkingar og dagbehandling.
    For tida er arbeidstida måndag til fredag. I tillegg inneheld stillinga ei vaktordning på ettermiddag/kveld frem til kl 19, i samarbeid med vaktlege.
    Arbeidsoppgåver består blant anna av augefaglege forundersøkingar (synsfelt/visus/foto), førebuing av pasientar til behandlingar, arbeid i tverrfaglege team, oppfølging av egne ressursoppgåver og fokus på kvalitet og pasientsikkerheit i det daglege.

    Medisin 1 vest er ein sengepost med 16 sengeplassar i vekedagane og 13 sengeplassar i helgane. To av sengeplassane er overvakingssenger.
    Sengeposten tar i mot både øyeblikkeleg hjelp - og elektive pasientar. På sengeposten behandlar vi pasientar med sjukdom i spiserør, magesekk, tynntarm , tykktarm, lever, bukspyttkjertel og galleveier. I tillegg har vi pasientar med generelle indremedisinske sjukdomar.
    Medisin 1 vest er ein interessant og utfordrande arbeidsplass med vaksne pasientar i alle aldre med akutt og/eller kronisk sjukdom. Det er stor variasjon av diagnosar, arbeidsoppgåver og pleietyngde. Vi samarbeidar tett med andre medisinske einingar og særleg med Medsinsk Klinikk sin endoskopieining og Medisinsk undersøkingseining.
    Vi har no 100% fast stilling som helsfagarbeidar med god moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
    Stillingen er i kombinasjon med fellesvaktar i Medisinsk klinikk.
    Kontakt: Seksjonsleder Merete Favang, Tlf. 55973608/55973603 / Ass Seksjonsleder Karin Ragnhild Røste, Tlf. 55978187

    Vi søkar deg som:

    • Har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
    • Meistrer norsk skriftleg og munnleg
    • Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
    • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
    • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
    • Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

    Vi tilbyr

    • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
    • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gje pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga

    Kontaktinformasjon

    Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen



    Referansenr.: 4811557049

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 23.05.2024


    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    2
    Sted
    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
    FINN-kode
    352008015
    Sist endret
    07. mai 2024 10:30