Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Psykiatrisk klinikk

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Psykiatrisk klinikk
Frist
23.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Psykisk helsevern.

Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.

Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Stillingane har pt. 2 delt turnus (dag og kveld) og kvar 3 helg. I sommarperioden kan det bli aktuelt med 3 delt turnus. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.

Det er ledig faste stillingar ved desse avdelingane: Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa.

* Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS)
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S4
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S3
* Avdeling stemningslidingar, Seksjon S1
* Tidleg psykose Sandviken (TPS)
* Regional sikkerheitspost (RS)

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Ved oppstart i sommar ønsker vi at du kan arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 - 32/33.

For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa, oppfordrast menn om å søke.



Arbeidsoppgåver

Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein seksjon for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.Den nye seksjonen har p.t. 8 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa skal gi tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklings-forstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen skal drive rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkande instansar og dei kommunale tenestene.
Kontakt: Susanne Karlsen, Tlf. 55958630

Akutt psykose S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55958745

Akutt psykose, seksjon S3 er ein akutt, lukka postar med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonane er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958530 eller June Bønes Nødtvedt, Tlf. 55958734

Kvalifikasjonar (overskrift)

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Seksjon S1 er ein lukka korttidsseksjon med 9 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi søker ein sjukepleiar eller vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt: Marte Bjørgve, Tlf. 55958722

Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med 15 døgnplassar for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år, og er ein del av Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen er delt inn i to adskilte team der 7 plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagd frivillig eller på tvang. Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling der mellom anna psykiater, psykologspesialist, sosionom, fysioterapeut, treningsterapeut, og miljøterapeut deltar. Vidare har vi tilbod om kunnskapsbasert familiesamarbeid. Vi er særleg opptatt av den fysiske helsa til pasientane og bruker fysisk aktivitet og trening som eit viktig element i behandlinga. Seksjonen har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk.
Det blir lagt vekt på behandling som i størst mogleg grad bygger på frivillegheit og brukarmedverknad, og minst mogleg bruk av tvang. Behandlinga er tilpassa kvar enkelt pasient, og vi sikrer oppfølging av anna instans etter utskriving.
Kontakt: Kjersti Valestrand Bjørnstad, Tlf. 95725124

Regonal sikkerheitspost (RS) Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar, der Regional sikkerheitsavdeling er en av dei. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 eller §5.2. Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Kontakt: Kjell Paulsen, Tlf. 55958538 eller Bente Baug Grey, Tlf. 55958384

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Må meiste norsk skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson , oppgitt for dei enkelte stillingane

Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4811360059

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
352004875
Sist endret
22. mai 2024 11:59