Tilsettig - Helsehuset Stella Maris - Helsefagarbeidar 100 % stilling fast

Arbeidsgiver
Vestnes kommune Helsehuset Stella Maris
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100 % fast
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stillingstype
Det er ledig 100 % fast stilling for helsefagarbeidar ved Helsehuset Stella Maris. Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplanar, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar:
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag
- datakunnskap, gjerne ha kjennskap til Helseplattformen
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1
- ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna, og har gode referansar
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid.
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanse

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju. Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Brugata 6, 6390 Vestnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
352003007
Sist endret
07. mai 2024 01:28